Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
28. – 30.april arrangerer SEVU (Senter for etter- og vidareutdanning) ved UiB europeisk konferanse om livslang læring. Målet er å påverke den europeiske utdanningspolitikken på området.
– Livslang læring er eit område som ikkje har blitt fulgt skikkeleg opp innanfor Bolognaprosessen. Dette vil vi derfor ha sterkare fokus på, slik at vi kan løfte det inn att på agendaen, seier dagleg leiar ved SEVU, Knut Olav Aslaksen.
Han fortel at mange miljø som jobbar med etter- og vidareutdanning er uroa over at livslang læring har kome i skuggen ved implementeringa av ny studiereform. Konferansen From Bologna to Bergen and beyond byrjar fredag 29.april. SEVU er hovudarrangør for konferansen der 150 deltakarar frå heile Europa skal diskutere tre hovudområde; profesjonsrette etter- og vidareutdanning , godkjenning av realkompetanse, og fjernundervisning og e-læring.
– Vi har bedt ekspertar på desse områda lage grunnlagsdokument som vil gje grunnlag for drøftingar. Desse skal så munne ut i justerte tilråingar til dei som skal utforme den europeiske utdanningspolitikken – og til institusjonar som arbeider med etter- og vidareutdanning, seier kontorsjef ved SEVU, Frank Moe
Samarbeidspartnarar på konferansen er den europeiske organisasjonen for etter- og vidareutdanning, EUCEN (European Association for University Lifelong Learning), The European Distance and E-Learning Network (EDEN), VOX (Det norske nasjonale instituttet for vaksenopplæring) og NFF (Norsk forbund for Fjernundervisning og Fleksibel utdanning)
Statsråd Kristin Clemet skal halde innleingsforedraget på konferansen. Ho har kalla det How to Bring Life Long Learning Back on the Agenda in Higher Education.