Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fleire av dei tilsette i Norsk Ordbok har varsla søksmål mot Universitetet i Oslo. Det gjer at Johan Myking meiner at det i første rekkje er språksamlingane som er interessante for UiB å overta ansvaret for.
Kva skjer eigentleg med Norsk Ordbok? For ei veke sia skreiv Klassekampen at arbeidet med er lagt på is – sjølv om ikkje siste band er ferdig. UiO har sagt opp dei som var tilsett i Norsk Ordbok, og fleire at dei har no varsla søksmål mot universitetet.
Men arbeidet er ikkje lagt på is, seier Kristian Emil Kristoffersen, instituttleiar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved UiO.
– Det er tilsette her ved ILN som jobbar med det siste bandet. Det er om lag femten månadsverk arbeid att, seier han til På Høyden.
– Er dette andre tilsette enn dei som var tilsette i Norsk Ordbok?
– Det er tilsette ved ILN som arbeider med ordboka, slik det har vore heile tida. Meir kan eg ikkje seia, då må du snakka med personaldirektøren ved UiO, seier Kristoffersen.
Men sjølv om det siste bandet vert ferdig, er det ikkje avklart kven som skal drifta ordboka framover. Bokstavstrekket frå A til H er heller ikkje digitalisert.
Ordbok-ansvaret kan hamna hos UiB. Dette forslaget kom etter at UiO først hadde vedteke at dei ikkje lenger har råd til å ta ansvar for språksamlingane, som mellom anna Norsk Ordbok byggjer på. Fleire har teke til orde for at ansvaret for språksamlingane bør flyttast til UiB.
Skisserer klynge
– Me kan ikkje gå inn i alle dei formelle og politiske problema som no er rundt ordboka ved UiO. Det som eventuelt er interessant er språksamlingane. Dei må koma først uansett, seier Johan Myking, instituttleiar for Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE).
I februar sendte han eit brev til ILN. Dette skjedde etter at dei to institutta hadde eit møte før jul, der Oslo-instituttet ba om eit meir konkret og forpliktande notat.
I brevet skisserer Myking opp ei løysing med ei arkiv-klynge. Det vil kunne styrka både fagmiljøet og språkforskinga både lokalt og nasjonalt, skriv han.
– Dette brevet handlar om å signalisera ein posisjon. Det er ikkje etablerte storleikar me snakkar om her, men eg rissar opp eit perspektiv. Når det gjeld tanken om ei klynge, er det eit stykke att, seier Myking.
Vakant stadnamnstilling
I dag har LLE ansvaret for to samlingar som liknar dei ein finn i Oslo; stadnamnsamlinga og målføresamlinga. Ved LLE finn ein òg teaterarkivet, og Griegakademiet har ansvar for Bjørndal-samlinga.
Men stadnamnsamlinga er det for tida ingen som har ansvar for. Det var knytt ei halv vitskapeleg stilling til samlinga, men den har vore vakant sidan Ole-Jørgen Johannessen gjekk over til å verta emeritus i 2012. Myking reknar ikkje med at instituttet vil få nye stillingar før neste vitskapeleg tilsette går av for aldersgrensa i 2017.
– Det er fortvilande å ikkje ha ein ansvarleg for samlinga, sjølv om Johannessen gjer så mykje han kan. Så lenge eg er instituttleiar, er det heilt uaktuelt å ikkje gjera noko med språksamlinga, seier Myking bestemt.
I eit debattinnlegg før jul skreiv Myking og Åse Johnsen, instituttleiar ved Institutt for framandspråk, at «Tematikken «kulturarv og kulturmøter» bør derfor være et høyst relevant satsningsområde for et universitet som ønsker å synliggjøre den allsidige fagkunnskapen det bidrar med i samfunnet». I brevet til ILN viser Myking til at ein i ei eventuell arkiv-klynge kan ha samarbeid med mellom anna Universitetsbiblioteket og Uni Research.
– Alle dei ulike samlingane ropar på ein felles, slagkraftig strategi. Eg ser for meg eit samarbeid med både UB og andre miljø ved fakultetet. Me kan ikkje ta imot samlingane frå Oslo utan at me har eit miljø eller eit naturleg mottaksapparat på plass, seier Myking.
Uavklart kven som skal betala
No ligg ballen hos UiO. Instituttleiar Kristoffersen seier at ILN gjennom dei siste tre månadane har hatt møte med ulike institusjonar for å finna fram til ei fagleg forsvarleg løysing for språksamlingane. Dei jobbar med ei vurdering av ulike alternativ.
– Me er i sluttfasen no, og eg håpar me får sendt vurderinga til kulturdepartementet før påske, seier Kristoffersen.
– Dersom ein bestemmer seg for å flytta språksamlingane til Bergen, kor raskt kan det skje?
– Finansieringa er ikkje avklara. Ordbokgruppa har snakka om at ein vil trenga 16-19 stillingar. ILN har ikkje midlar til dette. Det er ein del av bakgrunnen for at instituttet ikkje lenger kan ta ansvar for samlingane.
UiB-rektor Dag Rune Olsen har tidlegare sagt at det er heilt uaktuelt for UiB å overta ansvaret for språksamlingane eller ordboka utan at det følgjer pengar med. Myking skriv i brevet til UiO at det nødvendige minstevilkåret som må vera på plass før ei eventuell overtaking er økonomisk: «Det fagpolitiske ansvaret må følgjast av ei utviding av rammene for fakultetet, anten det skjer lokalt ved LLE eller ved ei nasjonal reallokering av ressursar. Problemet kan ikkje løysast ved ei omprioritering av dei eksisterande ressursar ved fakultetet, anna enn reint marginalt.»
Kristoffersen seier at han har merka seg kva UiB seier om finansiering.
– Dersom det vert flytting, kva materiale er det me snakkar om?
– Det er ein del papirbasert materiale, og det er mykje digitalt materiale. Dette vil krevja ulike løysingar. Men før ein tenkjer på det praktiske kring ei eventuell flytting, er det nødvendig å ha på plass ei løysing for samlingane sett under eitt.