Ann-Kristin Helland Gujord og Edit Bugge frå Norsk som andrespråk-miljøet ved LLE er svært skeptiske til å innføra ein test i norsk og samfunnsfag for å kunne få norsk statsborgarskap. Foto: Hilde Kristin Strand

Seier nei til statsborgartest

Publisert

Regjeringa vil innføra ein test i norsk og samfunnsfag for alle som søkjer om norsk statsborgarskap. Fleire miljø ved UiB protesterer.

– For det første er det prinsipielt problematisk å innføra språkkrav for å verta fullverdig borgar, og mellom anna få røysterett. For det andre heng ikkje nivået på dei to prøvane saman. Ein må kunne dokumentera at ein har ferdigheiter på eit grunnleggande nivå i norsk, såkalla A2-nivå. Men samfunnsfagsprøven er langt vanskelegare. Det er eit krav at den skal takast på norsk, noko som føreset språkferdigheiter langt over grunnleggande, munnlege språkferdigheiter. Det ligg altså eit implisitt språkkrav her.

Det seier Ann-Kristin Helland Gujord.

Ho er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), og forskar på norsk som andrespråk.

Lærer på morsmålet, test på norsk
Laurdag går høyringsfristen for «Forslag til endring i statsborgerloven» ut. I 2013 vart det innført ei plikt til å gå opp til avsluttande prøvar i norsk og samfunnsfag for dei som er omfatta av rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnsfag. Resultata av prøven fekk ingen konsekvensar for å få verken varig opphaldsløyve eller statsborgarskap. No foreslår regjeringa at det vert innført krav om bestått prøve i samfunnskunnskap som vilkår for statsborgarskap. Denne prøven må ein ta på norsk. I tillegg skal det, ifølgje forslaget, innførast eit krav om at ein må meistra et minimum av norsk munnleg for å kunne søkja om statsborgarskap.

– Introduksjonsprogrammet er på 600 timar undervisning. 550 av desse er norskopplæring. Men dei siste femti er samfunnsfag. Undervisninga her skal gå føre seg på eit språk ein kan godt. For det fleste vil det vera morsmålet. Ein lærer om temmeleg avanserte tema, som barnetrygd og skattesystem. No vert det altså lagt opp til at ein skal ta ein prøve på norsk i desse emna, seier Gujord.

Edit Bugge er universitetslektor ved LLE. Ho underviser utanlandske studentar og tilsette i norsk.

– Det er ikkje dei me treffer som kjem til å ha problem med denne testen. Eg underviser dei som allereie er i universitetssystemet, men òg personar som har høgare utdanning når dei kjem til Noreg, til dømes legar som må dokumentera norskkunnskapar for å kunne jobba her i landet, seier Bugge.

– Det er òg slik at ein liten del av dei som kunne søkt om statsborgarskap, faktisk søkjer. Ektemannen min er britisk statsborgar og fyller elles krava til å søkja om å verta norsk, men han treng ikkje noko nytt statsborgarskap. Dei fleste som søkjer gjer det fordi dei er på flukt, dei er statslause eller dei har statsborgarskap som gir dårlegare vern enn det norske, og og dei fleste er kvinner, legg ho til.

Søkjarar frå konfliktområde
Ser ein på kva land dei som ønskjer norsk statsborgarskap kjem fråd ei siste 20 åra, er hovudvekta frå konfliktområde. I 2013 var det flest søkjarar frå Somalia, Irak og Afghanistan, viser tal frå SSB.

– I mange av desse landa er skulesystemet nede. Dessutan er det slik at kvinner ofte får færre år på skule enn menn. For å kunne klara dei testane det no vert lagt opp til, er det ikkje berre norskkunnskapar som er viktige. Det er òg ein stor fordel å ha røynsle med skuleprøvar og testing. Det handlar om kor mykje skulegang ein har fått, seier Bugge.

– For å få gode norskkunnskapar er det opplæringa som er viktig, ikkje testing. Med eit slikt krav for å få statsborgarskap, kan ein få grupper i det norske samfunnet som kjem til å vera her resten av livet, men som ikkje kan få statsborgarskap fordi dei ikkje har dei bakgrunnskunnskapane eller føresetnadane som krevst for å klara prøven, seier Gujord.

I forslaget frå departementet ligg det no inne at alle mellom 18 og 67 år skal måtte ta testen for å kunne få statsborgarskap. Tidlegare har det berre vore dei mellom 18 og 55 år som har vore omfatta av krav om gjennomført norskopplæring.

LLE har sendt inn ein uttale til høyringsforslaget. Der skriv dei mellom anna at «slik vi vurderer endringsframlegget er det ikkje berre prinsipielt problematisk, men det heftar òg problem ved implementeringa; problem som er knytt til testvaliditet, testreliabilitet og testetiske spørsmål. Ein test skal vera rettferdig; han skal måla det han gir seg ut for å måla, resultata av testen skal vera til å stola på, og han skal ikkje ha utilsikta uheldige konsekvensar for dei som tek testen».

Dei understrekar at fagmiljøet klart ser verdien av  opplæring i norsk og samfunnskunnskap for alle som skal delta i samfunnet. Men dei skriv òg at «fagmiljøet vil sterkt understreka at vi frå vår faglege ståstad ikkje kan støtta framlegget om at prøving i språkferdigheiter og samfunnskunnskap skal knytast til retten til statsborgarskap».

– Vil markera kven ein kan integrera
Tidlegare denne veka arrangerte Bugge og Gujord eit møte på Bergen offentlige bibliotek. Her deltok mellom andre Randi Gressgård, minoritetsforskar og professor ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking, og Terje Einarsen, som er jussprofessor.

– Ein slik test er del av ein større trend i Europa, seier Gressgård.

I uttalen som SKOK har sendt inn til departementet, heiter det mellom anna at «det er åpenbart at det dreier seg om en normativ test, der man ønsker å markere hvem som kan integreres, ut fra en idé om norske kulturelle og demokratiske verdier – en forestilling om den angivelig progressive, liberale, tolerante borgeren. Samtidig markerer man avstand til såkalte tradisjonelle, bakstreverske innvandrere, som ikke klarer å oppnå status som fullverdige norske borgere. Samfunnsborgerskapstesting handler om å markere en symbolsk grense mellom hvem som hører til, og hvem som ikke passer inn i det forestilte fellesskapet»

Som Bugge og Gujord, peikar Gressgård på at kvinner har mindre føresetnader for å klara testen. Dette kan bidra til å stenga allereie marginaliserte innvandrarkvinner ute frå fullt samfunnsborgarskap.

– Folk som har dårlege føresetnader for å tileigna seg kunnskap om «viktige historiske, sosiale, økonomiske, kulturelle og politiske forhold i Noreg», risikerer å verta andrerangs borgarar, heiter det i uttalen.

Får ikkje støtte i forsking
I 2009 vart forslaget om statsborgartest nedstemt. Då forslaget den gongen var på høyring, vart det sendt ut av Kunnskapsdepartementet. Denne gongen er det barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet som står bak.

– Det er inga forsking som støttar opp om forslaget, seier Gressgård.

– Fagmiljøa er heller ikkje høyringsinstans.

– Det er mange land som allereie har innført ein slik test, mellom dei Danmark. I Sverige ønskjer ein ikkje slik testing. I dag har me ikkje forskingsbasert dokumentasjon på at denne typen statsborgarprøvar fremjar integrering. Tvert om hevdar fleire forskarar at statsborgarprøvar kan føra til eksklusjon av enkelte grupper, seier Gujord.

I brevet departementet har sendt ut heiter det at «i boken ”A re-definition of belonging. Language and Integration Tests in Europe” fra 2010 (redigert av Eva Ersbøll, Ricky van Oers og Dora Kostakopoulou) undersøkes integreringsprøver, herunder statsborgerprøver i Østerrike, Nederland, Tyskland, Storbritannia, Danmark, Frankrike, Ungarn, Latvia og Belgia. Innføringen av ulike prøver har vært begrunnet med at innvandrere må ha et visst kunnskapsnivå for å delta aktivt i samfunnet. Forfatterne skriver at det er for tidlig å si noe sikkert om integreringseffekten av de ulike prøvene, men at statsborgerprøvene i de fleste landene har ført til en markert nedgang i antall innvilgede statsborgerskap. Forfatterne skriver at prøvene hindrer innvandrere i å få sikker oppholdsstatus og dermed kan føre til ekskludering.»

Kan vera juridisk problematisk
– Det er uheldig at universiteta ikkje er høyringsinnstans. Ein må henta inn fagkunnskap i lovprosessen, og i dette tilfellet har truleg fagmiljøa ved UiB mykje å bidra med. Men eg går ut frå at det er ein glipp, og at saka er sendt ut til ein standardkrins som er tilstrekkeleg i andre tilfelle, seier Terje Einarsen.

Han seier det er bra at UiB på eige initiativ har sendt inn merknader til lovforslaget.

Einarsen tek til orde for ei konsekvensutgreiing som ser på korleis krava vil slå ut for einskilde grupper.

– Det er i utgangspunktet ikkje noko problematisk i å stilla vilkår for å få statsborgarskap. Det er allereie ei rekkje vilkår knytt til statsborgarskap. Men korleis ein trur desse krava vil verka, bør utgreiast nærare av departementet. Det kan, slik språkmiljøa peikar på, sjå ut til at krava kan slå ut på ein uheldig måte, særleg for svake grupper, seier Einarsen.

– Forslaga til endringar i statsborgarlova er grunngitt med integreringsformål. Det er i utgangspunktet positivt. Men oppnår ein det med denne lovendringa? Er det til dømes naudsynt at alle må ta ein skriftleg prøve på norsk i samfunnskunnskap, dersom det i praksis ekskluderer dei utan særleg skulegang frå heimlandet, ofte kvinner? Norsk statsborgarskap kan i seg sjølv auka integreringa, nettopp ved å symbolisera «tilhørighet og lojalitet til det norske fellesskapet», slik departementet prinsipielt legg vekt på i høyringsbrevet. Men vil lova då kunne verka mot hensikt dersom det vert stilt urealistiske testkrav, spør jussprofessoren.

Forbod mot diskriminering
Einarsen seier at ingen lover kan bryta med menneskerettane. Òg i Grunnlova er no forbod mot diskriminering (§98). Det heiter at «alle er like for lova. Ikkje noko menneske må utsetjast for usakleg eller mishøveleg forskjellsbehandling».

– Det kjem òg an på korleis testane vert praktisert. Utelukkar ein svært mange av dei som prøver å ta dei? Vert svake grupper systematisk råka? Dersom det vert høve til å ta testen på nytt, og dersom dei fleste til slutt klarar det, vil lovendringa vera lettare å akseptera menneskelegrettsleg, seier Einarsen.

Han legg til:

– Ting kan vera i strid med menneskerettane utan at det er slått fast på høgste hald at det er det. Det handlar ofte om at enkeltpersonar ikkje har ressursar til å få testa saka for retten.

Her kan du sjølv ta samfunnsfagtesten. Vel digital eksamen, og klikk deg vidare.

Juss-professor Terje Einarsen meiner forslaget om språktest ikkje er juridisk uproblematisk. Arkivfoto: Walter Wehus
SKOK, ved professor Randi Gressgård, har sendt inn ein høyringsuttale. Heller ikkje dei er positive til forslaget. Arkivfoto: Kim Andreassen
Powered by Labrador CMS