Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Først fekk dei sporveugleprisen, og i dag mottok Ivar Utne og Kristian A. Bjørkelo ugleprisen. No håpar dei prisen kan gi UiB eit spark til å tenkja meir praksis.
– Ein finn ikkje ein stillingsannonse der det står «treng litteraturvitar til fiskeribransjen», illustrerer Kristian A. Bjørkelo.
Men kanskje er det nettopp fiskeribransjen som treng ein med litteraturkompetanse. Gjennom faget praktisk informasjonsarbeid får studentar, i hovudsak frå HF, prøva seg i det verkelege livet. Det såkalla arbeidslivet.
Studentane har ulike fagbakgrunnar. Når dei vel praktisk informasjonsarbeid, får dei først undervisning og må gjennom ymse skriveøvingar. Deretter får dei praksis i ei verksemd.
– Me ser at HF-fag kan brukast i mange ulike verksemder og til mykje anna enn å verta lærarar, seier Ivar Utne.
Han er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og har arbeidd med faget heilt sidan det var ein del av eit bachelorprogram for ti år sidan. Universitetslektor og førstekonsulent Kristian A. Bjørkelo er den som er ansvarleg for faget no. Onsdag morgon begynte på ein særs hyggeleg måte for dei begge: Då mottok dei UiB sin uglepris, prisen for studiekvalitet. I november fekk dei sporveugleprisen, som er HF sin pris for studiekvalitet. Dei seier at dei eigentleg ser på dette som prisar til heile fagmiljøet og støttespelarane som driv og har drive dette emnet gjennom mange år.
– Mykje fag og lite kommunikasjon
– Dette er eit tydeleg signal om at universitetet synest at kontakt utad er viktig. Me likar slikt, seier Utne.
– Det er ofte sagt at HF-fag er noko ein treng for å hjelpa andre, til dømes til å sjå på dei etiske sidene av eit eller anna. Men HF-fag har eit eige eksistensgrunnlag og er viktige i arbeidslivet. Det er ikkje ei nyheit for arbeidslivet, men det er kanskje ei nyheit for mange ved UiB, supplerer Bjørkelo.
Han er oppteken av at studentane har ein skjult kompetanse, som dei kanskje ikkje veit at dei har. Dei kan henta inn informasjon, dei kan analysera kjelder og nokre av dei har god metodekunnskap. Når studentane skal ha praksis, er det kommunikasjonsarbeid dei skal driva med.
– Det som skil oss frå reine kommunikasjonsutdanningar, er at studentane har ein fagkunnskap i botn. Litt sett på spissen kan ein seia at dei har mykje fag og lite kommunikasjon. Når me snakkar med aktuelle praksisverksemder, er det oftee fagkunnskapen som vert trekt fram, seier Utne.
Han seier at nokre av studentane allereie har tatt mastergrad og tek dette kurset som poststudentar. Andre kjem attende og tek mastergrad etter å ha hatt praksis.
– Me er referansar for studentane om dei vil det, og vert kontakta når dei har søkt stillingar. At dei har eit kurs med praksis er noko som vert lagt merke til, seier førsteamanuensisen.
Ønskjer praksis i større målestokk
Med unntak av dei reine profesjonsutdanningane, er det ikkje mange andre fag ved UiB som i dag tilbyr praksis.
– At me får denne prisen er sjølvsagt kjekt. Det er fint at studiet får merksemd, det gjer at me kan trekkja til oss gode studentar. Men me ønskjer oss at prisen vert eit spark for universitetet til å tenkja praksis innanfor fleire fag og kanskje i større målestokk, seier Utne.
Praktisk informasjonsarbeid har plass til om lag tjue studentar kvart semester. Mykje av Bjørkelo sin stilling går med til å finna nok praksisplassar og å finna rett student til rett verksemd.
– Eg stalkar dei rett og slett, humrar han.
Det vil seia at han fotfølgjer dei. Sanninga er at kurset byrjar med at studentane skriv ein tekst om seg sjølve. Deretter gjer den tette kontakten med lærarane at Bjørkelo meiner det etterkvart er ganske lett å finna ut kven som kan plasserast kor.
– Me ser mellom anna på kva dei har gjort før. Dersom ein student berre har røynsle frå eit temmeleg smalt felt, ja då er det kanskje slik at nettopp denne studenten skal få prøva noko heilt anna, seier han.
Tre som skal læra noko
Bjørkelo seier at studentar i dag er meir opptekne av karriere enn tidlegare. Dei vil gjerne vita konkret kva dei kan verta. Han er ikkje så oppteken av det, men han er oppteken av at det er tre partar som skal læra noko gjennom emnet praktisk informasjonsarbeid.
– Studentane skal få praktisk røynsle. Næringslivet skal få vita kva studentane kan. Og UiB skal læra noko om kva studentar herifrå kan vera nyttige til.