Lønnsoppgjeret er i havn

Denne veka vart dei tillitsvalde og leiinga einige. I alt 984 tilsette ved UiB vil få høgare løn.

Dei lokale forhandlingane er over. Dei hovudtillitsvalde i dei store arbeidstakarorganisasjonane NTL, Parat og Forskarforbundet kom til slutt til semje om kven som skal få kva.

– Det var ein del gledeleg opprykk, seier Bjarne Meidell i Forskarforbundet til til På Høyden.

– Vi fekk omgjort ein del stillingskodar. Enkelte gjekk frå til dømes seniorkonsulent til rådgjevar. Det var ikkje så mange av desse, men det er kjekt å få dei med.

Større pott
I fjor var potten 3,8 på millionar kroner. Dåverande leiar i NTL, Ragnfrid J. Skavland, uttalte då til På Høyden at arbeidet med å gjennomføre lønnsoppgjeret truleg kom på den same summen

I år var det meir pengar å forhandle om.

– Men med meir pengar aukar også forventningane, seier Jørgen Melve.

Meir til dei lavtlønte
I år låg 17,6 millionar på bordet. Nesten 62 prosent av potten gjekk til vitskapeleg tilsette. 38 prosent gjekk til dei som arbeider i tekniske og administrative stillingar. 

Jørgen Melve i NTL er høveleg nøgd.

– Vi fekk heva fleire av dei lågast løna innanfor sine grupper. Nokre går opp eitt lønstrinn, andre to. Men mange medlemmar opplever å ikkje få noko, sjølv om dei kom med gode krav. Dette handlar  at potten er oppdelt i utgangspunktet. Vi skulle gjerne sett at meir av totalen gjekk til våre medlemmar.

– Det er godt det er over, og det blei greit nok, seier han til På Høyden.

Randi Heimvik i Parat er ikkje like tilfreds.

I en epost til På Høyden skriv ho at «Parat vil aldri være nøgd med eit resultat der ikkje alle våre medlemmar som ynskjer det, får opprykk.» Ho legg til at dei har fått til ei jamn fordeling i alle stillingsgruppene som omfattar deira medlemmar.  

– Tradisjonelt
– Oppgjeret for Den norske Legeforening vart omtrent som forventa. 

Ein kan vel kalle det eit tradisjonelt oppgjer, seier Einar Svendsen, hovudtilitsvalt for Legeforeninga ved UiB.

– Stillingskategoriane postdoc og førsteamanuenis fekk eit litt bedre oppgjer enn det vi har vore vande til tidlegare, men desse utgjer ei lita gruppe. Vitskapeleg verksemd er lettare å dokumentere gjennom talet på artiklar som publiserast, og talet på uteksaminerte PhD-ar, og følgjeleg er det lettare å få positivt utslag på desse. På den positive sida vil eg også nevne at vi ved dette oppgjeret følte litt meir møtte på at god undervisning bør honorerast. Undervisning skal vere vitskapeleg basert, men spesialistkompetanse i ein klinisk disiplin er svært viktig både for undervisning og forsking og burde gje eit betre utslag på løna.

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS