Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har berre høyrt på eitt forbund når dei har delt potten i årets oppgjer. Millionar hamnar i feil lommer, meiner økonomiprofessor Steinar Vagstad.
Vagstad er både professor i økonomi og hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved Universitetet i Bergen. Han slo alarm om reknefeilen i førre veke.
Bakgrunnen er lønnsoppgjeret i staten i år, der Akademikerne avtalte eit sentralt tillegg på 0,5 prosent, pluss ei lokal ramme på 2,3 prosent.
LO, Unio og YS avtalte derimot eit sentralt tillegg på 1,15 prosent, mens 1,5 prosent skal fordelast lokalt.
Dermed er det for første gong to ulike tariffavtalar i staten, og dei ulike forbunda har eigne pottar. Men då Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) skulle dele potten, tok dei berre omsyn til medlemslistene til Akademikerne. Det kan vere ei kjelde til mange feil, til dømes at tilsette er oppført i fleire forbund. Og dermed blir grunnlaget, som potten skal reknast ut frå, feil.
Ifølge Vagstad viser lokale tal at den totale lønsmassen til Akademikerne ved UiB er på kring 385 millionar, mens grunnlaget KMD har brukt er på 422 millionar kroner. Dermed kan Akademikerne få oppunder éin million for mykje i den lokale potten.
Tal Vagstad har henta inn frå UiO, HiB, NMBU og UiT viser den same tendensen. På dei fem institusjonane kan potten til Akademikerne vere skeivfordelt med så mykje som fem millionar kronar, inkludert effekten av for liten pott til dei andre.
Hovudinntrykket til Vagstad er at personaldirektøren i staten ikkje bryr seg om at resultatet blir feil.
– Utrekning av avsetnadane til lokale tingingar er gjennomført slik vi har avtalt med hovudsamanslutningane, seier Statens personaldirektør, Gisle Norheim, i ein uttale til På Høyden.
Men han stadfester at det berre er medlemslistene til Akademikerne per 1. mai 2016 som er lagt til grunn når utrekninga er gjort, og viser til at KMD «gjer med andre ord ei reint teknisk fordeling ut frå det som er avtalt, og gjer ingen ytterlegare vurderingar av einskildtilfelle.»
KMD har avslått å svare på andre spørsmål i saka.
– Det er udiskutabelt at KMD har basert pottfordelinga på namnelister med store og systematiske feil i. Det er overraskande at dei verkar så lite interesserte i å rette opp feilen, seier Vagstad.