Løvevask til 17. mai

Publisert

- Vi vaskar øyrene til løva, den må vere rein til den har gebursdag, opplyser barna frå Kalmargaten barnehage. Dei tek den årlege overhalinga av løva framfor Naturhistorisk muséum før nasjonaldagen.

- Er det ikkje kjedeleg å vaske?

- Nei, det er kjempegøy, sjå no vaskar eg løva i rumpa, seier Marius på fem.

Han og dei andre er litt usikre på alderen til løva, men blir einige om at den truleg er fem år. Den er i alle fall ikkje levande. Den ligg berre der og blir skrubba med oppvaskkost til 17.mai.

- Vi er her kvart år og vaskar løva. Det er del av eit prosjekt vi har der vi vitjar den og andre statuer rundt i byen, fortel Eva Nævdal frå Kalmargaten barnehage.

Og etter at dei har vaska skal dei ha løvefest.

Powered by Labrador CMS