Lunde tilsett som professor

Publisert

Ingunn Lunde er no tilsett som professor i russisk. Det vedtok universitetsstyret torsdag.

– Heile saka avspeglar at det er lite stillingsvern for vitskapleg tilsette.

Det seier juss-professor Jan Fridthjof Bernt.

Torsdag skulle universitetsstyret tilsetja professor i russisk. Saka gjekk for lukka dører, men rektor Sigmund Grønmo stadfestar til På Høyden at det er Ingunn Lunde som no er tilsett.

Lunde har vore mellombels tilsett ved Institutt for fremmedspråk sidan 1994. I 2002 fekk ho tittelen professor i russisk. Då det vart lyst ut ein fast professorstillng ved instituttet i 2008, vart Lunde innstilt som nummer ein. Men stillingen vart trekt tilbake – på grunn av fakultetet sin dårlege økonomi. Før påske i år fekk Lunde varsel om oppseiing. Bakgrunnen for dette var at ho frå 2009 har leia prosjektet «The Future of Russian», som er finansiert av Norges forskningsård. UiB meinte difor at Lunde ikkje lenger har rettar ved universitetet.

– Ingen privat arbeidsgivar
– Universitetet bør passa på slik at det ikkje liknar ein kynisk privat arbeidsgivar. Universitetet skal vera ein trygg arbeidsplass for dei som har valt å forska, seier Bernt.

Han har vore kritisk til denne saka, mellom anna i eit lesarbrev.

Professoren meiner at det er viktig at ikkje reglane i tenestemannsloven vert tolka slik at det undergrev stillingsvernet for vitskapleg tilsette.

– UiB sa at dei ikkje hadde bruk for Lunde. Men det kan ikkje vera slik at ein kan vedta ein neddimensjonering av fagmiljø og så berre seia opp folk, seier Bernt.

Bernt seier at han ikkje kan garantera kva ein domsstol hadde gjort dersom dei fekk saka.

– Men det hadde vore ein uheldig bruk av lova dersom ein kom til at Lunde kunne seiast opp.  Forskarsamfunnet kunne ikkje leva med ei slik undergraving av stillingsvernet, seier Bernt.

Glad for løysing
Bjarne Meidell, leiar i Forskerforbundet ved UiB, seier at det er kjekt at saka no har fått ei løysing.

– No håpar eg det ordnar seg, seier Meidell.

Han sendte saka vidare til forbundet sin advokat i Oslo.

– Me har heldigvis ikkje så mange slike saker. Denne har vore ganske tilspissa – det er lite kjekt for dei som er oppi det, seier Meidell.

På Høyden har dessverre ikkje kome i kontakt med Ingunn Lunde.

 

 

Powered by Labrador CMS