Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Lyngheisenteret får ein million kroner i forslaget til statsbudsjett for 2006.
– Det er vi sjølvsagt nøgd med, men løyvinga er ikkje stor nok til å få opp ei fagleg forsvarleg drift av Lyngheisenteret, seier fagleg leiar, professor Peter Emil Kaland.
Støttespelarane til Lyngheisenteret vart glade då forslaget til statsbudsjettet vart lagt fram i dag, sjølv om NRK hadde meldt om at senteret ville få ei løyving på to millionar kroner. Kaland trur det politiske miljøet no vil sikre ei framtid for kulturskatten på Lygra.
Den nye underposten ”Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap” i Miljøverndepartementet sitt budsjett, er auka med to millionar kroner i 2006 og av dette er det sett av ein million kroner til å setje i stand og vedlikehalde Lyngheisenteret.
– Løyvinga frå Regjeringa er svært viktig for oss fordi den strekar under at arbeidet ved senteret er verdfullt, og signaliserer at det må fortsetje. Men ein million kroner gir diverre ikkje nok driftskapital til å få bukt med dei store utfordringane vi slit med, seier professor Kaland, som er bland dei mange som driv dugnadsarbeid for å halde Lyngheisenteret ope.
Han meiner det fins håp om at dette ikkje er ein eingongsløyving slik ein kan få inntrykk av i budsjettforslaget. Likevel meiner han det er viktig at skiparane av Lyngheisenteret tar eit større økonomisk ansvar for drifta.
– Det er nødvendig om senteret skal kunne kome ut av den uhaldbare, og fagleg uforsvarlege, situasjonen som har vore dei siste åra.