Lyngheisenteret kan få statsstønad

Publisert

Kulturministeren opnar for statleg driftsstønad til Lyngheisenteret frå 2006. Men då må Hordaland endre sin museumsplan som skal gjelde fram til 2008.

Det kom fram i Stortingets spørjetime nyleg, då kulturminister Valgerd Svarstad Haugland svarte på spørsmål frå Trond Giske (Ap).

– Kultur og kirkedepartementet vil i tråd med føringane for museumsreforma yte direkte statleg driftstilskot til dei museumseiningane som i løpet av reformarbeidet trer fram som konsoliderte regionale museum, sa Svarstad Haugland.

I samband med ei landsomfattande museumsreform er det lagt opp til færre administrative einingar forankra i ein lokal og regional struktur. Hordaland fylkeskommune ønskjer å inkludere 10 museum blant dei såkalla konsolliderte einingane. Lyngheisenteret er ikkje blant desse.

– Høyrer heime blant musea

– Lyngheisenteret er no det einaste fullverdige museet i Hordaland som ikkje har blitt konsolidert. I tråd med konklusjonen til kulturministeren må Hordaland fylkeskommune syte for at senteret får status som konsolidert museum i fylkesdelplanen for musea i Hordaland. Dette er eit viktig verkemiddel til å redde Lyngheisenteret, seier fagleg leiar ved Lyngheisenteret og professor ved UiB, Peter Emil Kaland.

I sommar stengte Lyngheisenteret dørene og fem tilsette vart sagt opp, etter lang tid med økonomiske problem. Universitetet i Bergen er saman med Hordaland fylkeskommune og Lindås kommune med i stiftinga som driv Lyngheisenteret. UiB har fleire forskingsprosjekt knytta til senteret.

– Lyngheisenteret er ein kulturinstitusjon og høyrer heime blant musea i Hordaland, seier Kaland.


Meir pengar

Medlem av Kultur- og Ressursutvalet i Hordaland fylke, Sigmund Olsnes (Ap), har lita tru på at dei andre musea i Hordaland er innstilte på å ofre av sine budsjett for å ”konsolidere” Lyngheisenteret.

– Eg trur det blir veldig vanskeleg å løyse denne saka med intern omfordeling. Fylkesordføraren må ta kontakt med kulturministeren og forklare alvoret i situasjonen. Når det handlar om vegar, er ein svært så rask med sette seg på flyet til Oslo. Ein bør kunne forvente det same engasjementet når det gjeld kultur, seier Olsnes, som no sender brev til fylkesordføraren om saka.

Powered by Labrador CMS