Må gjere kvinnene synlege

Publisert

Det er for seint å vente til jentene tek til på universitetet, før ein prøver å lokke dei inn i ei naturvitskapleg forskarkarriere, meiner Pinar Heggernes, fersk professor ved Institutt for informatikk.

– Vi må ta dei allereie før dei tek til på vidaregåande. Mange jenter har litt aversjon mot matematiske fag, men eg trur mykje av det er tillært. Eg trur det var ein kvinneleg matematikar som ein gong fortalde at ho tidleg oppdaga at gutane ikkje likte jenter som svara i mattetimane, og jenter er raske med å tilpasse seg slike forventingar.

Einaste kvinne

Heggernes er nyleg rykka opp til professor i informatikk, og er den einaste kvinnelege fast vitskapleg tilsette ved instituttet. Elles i Noreg kjenner ho til éin annan kvinneleg informatikkprofessor. Ho såg gjerne at dei var fleire.

– Vi har kvar haust eigne informasjonsmøte for jenter ved semesterstart, men det har ikkje gjeve den store effekten. Vi kunne gjerne gått rundt til elevar i 10. klasse for å fortelje om kva vi driv med. Det er viktig at vi viser fram dei kvinnelege forskarane, at dei ikkje berre møter menn som seier at ”vi vil gjerne ha fleire kvinnelege studentar”, trur ho.

Sjølv er ho full av godord om miljøet ved Institutt for informatikk, der ho som kvinne alltid har kjent seg velkomen. Ho skildrar eit miljø prega av sjenerøsitet og vilje til å inkludere unge medarbeidarar i internasjonale kontaktnett.


Viktig å kjenne seg inkludert

– Det var viktig for meg. I mitt miljø har dei vore veldig flinke til å gripe dei verktøy som fanst, som eigne stipend for jenter, og gjeve meg kjensla av at dei gjorde det fordi dei var interesserte i å ha meg her. Den kjensla trur eg er viktig for mange jenter. Og då eg var ferdig med doktorgraden og ikkje heilt visste kva eg skulle finne på, fekk eg jobb som forskar ved Parallab, det som no er Bergen Center for Computational Science. Slike senter har ein viktig funksjon når det gjeld å halde unge forskarar innanfor systemet, fram til dei kan få ei fast stilling, seier trettifemåringen.

Pinar Heggernes er ein av fire vitskapleg tilsette i forskingsgruppa for algoritmeteori.

– Ein algoritme er ei oppskrift på ei problemløysing som er uavhengig av program. Mange veit ikkje at det finst problem som er så kompliserte at dei ikkje let seg løyse med datamaskiner innan rimeleg tid – der er rett og slett for mange moglegheiter. Då treng vi ein algoritme for å prøve å finne den best moglege løysinga.

Ho har nett fått utteljing på ein søknad til forskingsrådet, som inneber midlar til to nye stipendiatar. Gruppa er i vekst, og kjem til å tilsette fleire stipendiatar og post.doc-ar dei neste par åra.


Må profilere seg mot studentar

− Informatikk er ein svært formalisert måte å tenkje på, og kan kanskje oppfattast som litt rigid. Men på den andre sida gjev det rom for mykje kreativitet. Ein kan lage dei utrulegaste program, og det finst nesten ikkje grenser for dei visuelle framstillingane som kan lagast. Slik sett skulle ikkje informatikk ligge betre for gutar enn for jenter, seier ho.

Ho trur informatikkfaget har tapt litt på at studentane no skal takast opp på program og ikkje på fag. Medan det tidlegare var vanleg å inkludere eitt eller fleire informatikkemne i graden, vel mange no å køyre eit reint studieløp innan eit fagområde dei kjenner frå vidaregåande skule, som biologi eller fysikk. Sjølv valde ho informatikk meir eller mindre tilfeldig: Gode resultat på innføringsemnet gjorde at ho valde å halde fram.

− Vi har eit sterkt informatikkmiljø i Bergen, men har nok ikkje vore flinke nok til å profilere oss mot studentane. Vi er meir vande med å skryte til kollegaer og til forskingsrådet og liknande. Eg har møtt studentar på masternivå i informatikk som fortel at dei er blitt overraska når dei får vite kor anerkjent instituttet er i fagmiljøet. Der har vi ein jobb å gjere, vedgår ho.

Powered by Labrador CMS