Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Viserektor Astri Andresen meiner det er utenkjeleg at ein ikkje skal kommunisera på engelsk i 2012. Men samstundes er ho òg oppteken av andre språk enn engelsk.
– Tysk er eit viktig akademisk språk, slær visekretor for internasjonale relasjoner, Astri Andresen, fast. – Mykje kunnskap og kultur er formidla på nettopp tysk, og det er viktig å utvikla og halda ved like kompetansen i dette så vel som andre europeiske språk. UiB har mellom anna mykje forskingssamarbeid med tyske universitet. Skal kunne norsk etter to år Andresen seier at gruppa som arrangerte seminaret skal møtast for å diskutere korleis problemstillingane kan takast vidare. Ho er tydeleg på engelsk skal og må ein ha ved eit universitet, men er oppteken av at det òg må vera plass til fleire språk. Toårskravet vart nemnd fleire gonger under seminaret. Det viser til at alle som er tilsett i faste stillingar ved UiB har sagt ja til å læra norsk i løpet av to år. – Det er ein grunn til at ein har dette kravet – me er eit norsk universitet, i Noreg. Store deler av undervisninga går føre seg på norsk, og norsk er administrasjonsspråket. Dersom ein ikkje meistrar norsk, er det mange oppgåver ein ikkje kan ta del i, seier Andresen. Ønskjer fleksibilitet – Det handlar nok delvis om kor kloke me er i praktiseringa av kravet. Dei som ikkje meistrar eit skandinavisk språk skal læra seg norsk. Samstundes må me som universitet vera flinke til å legga til rette for det, og me må vera flinke til å understreka kor viktig språkkunnskapane er. Så må alle partar vera fleksible i forhold til arbeidsplikt, meiner viserektoren. Viserektor Astri Andresen meiner det må vera plass til fleire språk ved UiB. Arkivfoto: Fredrik Mandal Undervisningsspråket=norsk Andresen seier at mange opplever at når ein snakkar på eit anna språk enn morsmålet, kjenner ein seg mindre fri og mindre presis. – Men det treng ikkje å bety at det vert dårleg undervisning. Eg trur me gir mykje god undervisning – både på norsk og engelsk, seier Andresen. – Men det er fint at dette vert diskutert i lys av kvalitet, legg ho til. Norske fagtermar – Ein må kunne kommunisera på engelsk, seier Andresen. Men samstundes er ho tydeleg på at ein er eit norsk universitet, og at det er viktig å få utvikla norske fagtermar. – Me ser at miljøa med mange utanlandske tilsette har lett for å gå over til å berre snakka engelsk. Det er ikkje gunstig i det lange løp, seier Andresen. Framsidefoto: Jan Kåre Wilhelmsen
Sist veke vart seminaret «Internasjonalisering og undervisningsspråk» arrangert. Her vart fleire problemstillingar løfta fram; kvalitet på førelesingane som vert gitt på engelsk av norske forskarar, språkval på institutt som har mange utanlandske tilsette, kompensasjon for å gi undervisning på engelsk og toårskravet.
Under seminaret vart det mellom anna peika på at tilsette meiner at det er oppgåver dei utan desse språkkunnskapane slepper unna, mellom anna komitearbeid og sensur. Andresen seier at det ikkje høyrest ut som om språkkravet alltid vert etterlevd. Men samstundes seier ho at det er vanskeleg med sanksjonar.
I «Både i pose og sekk. Framlegg til språkpolitikk for Universitetet i Bergen», som vart vedteke i 2007, heiter det at «norsk er hovudspråket til Universitetet i Bergen. Det vil seie at undervisningsspråket, administrasjonsspråket og det daglege arbeidsspråket til vanleg er norsk. Universitetet legg også stor vekt på god kontakt med internasjonal forsking, noko som krev at delar av verksemda må skje på eit av dei større internasjonale språka, oftast engelsk. For både å vere aktiv i internasjonal forsking og å ta i vare ansvaret overfor det norske samfunnet har Universitetet som mål å utvikle mest mogleg parallellspråkleg praksis. Valet av språk bør vere formålsretta og ikkje styrt av politisk prestisje. Det skal praktiserast godt språk både på norsk og på framandspråk».
Ho seier at som universitet i 2012 er det viktig å ha både førelesarar og studentar frå andre land, og norske studentar må ut i verda.