Jussprofessor Ernst Nordtveit meiner ein bør ha større fokus på gode og langsiktige reguleringssystem i nordområda.

— Må utvikla eit berekraftig rettsregime for Arktis

Publisert

Arktis dekker 13 prosent av verdas overflate. Men kva juridiske utfordringar oppstår når ein av verdas største «allmenningar» er i så store klimatiske endringar som no?

Spørsmålet blei tatt opp under Polardagen som blei arrangert ved UiB onsdag. Polarforskarar frå ulike institutt samla seg for å visa fram forskinga si, og diskutera utfordringar knytt til nordområda.

— Me har inga erfaring med så store og raske klimatiske, fysiske og økologiske endringar som er i ferd med å skje i Arktis. Det mest presserande no, er regulering av skipsfart og fiske, sa jussprofessor Ernst Nordtveit i sitt innlegg.  

Ferske tal frå Nansensenteret viser at utbreiinga av sjøis i Arktis er på det nest minste nivået sidan 1979, då satellittobservasjonane starta. 

10. september i år dekka sjøisen 4885 millionar kvadratkilometer, noko som er 10 prosent mindre enn i september 2015.  

Det må bli eit større samspel mellom internasjonal- og nasjonal rett i Arktis.

Rettslege utfordringar 
Med redusert isdekke er det fleire som vil utnytta ressursane i Arktis. Det reiser fleire rettslege problemstillingar. 

— Kva viss temperaturen i vatnet gjer at torsken byrjar å gyta i Barentshavet før den kjem til Lofoten, kva gjer me viss den berre heldt seg i Russisk sone? spør Nordtveit.

Områda nord for Canada og Russland, som no blir opne havstrekningar skapar også utfordringar.

 — Blir dei rekna for indre farvatn eller ope hav. Kan USA køyra krigsskipa sine gjennom der, til dømes?

Det fyrste cruiseskipet med 1000 passasjerer drog nyleg gjennom Nord-Aust passasjen.

— Ein ting er trafikken gjennom nord-aust passasjen som går til til Asia, men cruisetrafikken går også inn og ut av sjølve området - og det skapar store miljøutfordringar.

Betre samspel
— Det må bli eit større samspel mellom internasjonal- og nasjonal rett i Arktis. Store område er under nasjonal jurisdiksjon som territorium, økonomisk sone eller kontinentalsokkel. Ein må utvikla modellar for styring av investeringar og næringsaktivitet i området.

— Det er krevjande å balansera næringsverksemd, offentlege interesser og miljø. Det som til dømes er vellukka med norsk oljepolitikk, er at ein har klart å kombinera offentleg regulering med internasjonal «big business».

Nordtveit understreker at dette ikkje berre dreier om naturendringar, men drivkrefter i internasjonal økonomi, allmenn samfunnsutvikling, ressursmangel og folkeauke er med på å auka presset på Arktis.

Det blir forska for lite på dei rettslege spørsmåla.

Ein bindande polarkode, som skal bidra til å regulera skipstrafikken i Arktis, er blitt vedtatt av den inernasjonale sjøfartsorganisasjonen under FN (IMO), og skal innførast i 2017.

— Den vil vera eit stort framsteg, og er i seg sjølv ein interessant modell, men det er eit spørsmål om den går langt nok sett frå eit miljøperspektiv. Det kan vera naudsynt å styrka miljøvernet i denne avtalen, seier Nordtveit.

Les også: Får 150 millionar kroner for å forske på Arktis

Kortsiktige reguleringar
Utfordringane i samband med klimaendringane har berre så vidt byrja å visa seg. Han trur ein vil trenga meir djuptgåande og langsiktige systemendringar for å kunne ta seg av dei juridiske spørsmåla som kjem til å dukka opp.

— Dette er ein av dei store allmenningane i verda, og eit område som er vanskeleg å regulera i seg sjølv. Slik som det er no meiner eg at de vert forska for lite på dei rettslege spørsmåla, og at det er for lite fokus på dette i dei juridiske miljøa. 

— Etter mitt syn treng ein meir basal forsking, der ein også koplar inn økologi, økonomiske analysar, rettsøkonomi og åtferdsøkonomi.

No meiner han at det gjerne vert gripe til for mange overflatiske løysingar for å løysa konkrete problem etter kvart som dei oppstår.

— Juristar burde gå tyngre inn, gjerne i samarbeid med folk frå fagfelt innan økonomi og naturfag, og finna reguleringar av tilgang til ressursar som er sjølvgåande og sjølvberande. No føregår det mykje regulering frå dag til dag. Me treng eit større system – for utfordringane i arktis kjem ikkje til å bli færre etter som tida går.

Arktis

  • Arktis er hav- og landområdene omkring Nordpolen
  • Det finnes ingen naturlig, generelt vedtatt grense av Arktis mot sør.
  • Tidligere ble polarsirkelen (66° 33ʹ n.br.) ofte benyttet, men dette er en lite hensiktsmessig avgrensning, da det nord for denne breddegrad finnes strøk med naturforhold vi ikke ville betegne som arktiske (det nordlige Norge).

Kjelde: Store norske leksikon

Powered by Labrador CMS