Makta i musikken

Publisert

Musikken skal førebu dei innsette på livet utanfor murane. Kjell Edvard Andreasson er eit synleg bevis på at det virkar.

Det er så stille at ein kan høyre ei knappenål falle i Studio A i Nygårdsgaten 5. Framfor tilhøyrarane står Kjell Edvard Andreasson, som i ei årrekke var ein av Bergens mest kriminelle, og musikkterapeut Lasse Tuastad med faste grep om gitarane. Så bryt ei kraftig stemme stillheita.

– I’ve been taking some different choices on my way in life
   Some was wrong and some was right
   You beside me felt so right, turning for the night
                      (1. vers, ”Come on” av Kjell Edvard Andreasson)

Fridom gjennom musikk
Livet har ikkje vore enkelt for Kjell Edvard Andreasson. Det meste av sitt vaksne liv har han gått inn og ut av Bergen fengsel. Innanfor murane heldt han seg mykje for seg sjølv. Han deltok ikkje på kurs eller utdanning. Det einaste avbrekket i kvardagen var samtaler med fengselsprest og psykolog. For sju år sidan endra livet seg for Kjell Edvard. Då traff han Lasse Tuastad for første gong. Tuastad, som for tida har permisjon for å ta doktorgrad innan musikkterapi, er tilsett i prosjektet ”Musikk i fengsel og frihet”. I Bergen fengsel kom prosjektet i gang i 2000. Det overordna målet er å gjere overgangen frå fengsel til eit liv utanfor murane lettare. Med på kjøpet følgjer sosial trening, musikalske opplevingar og meistringskjensle.

Andreasson trengte ikkje tenke lenge på om han ville delta i musikkterapiprosjektet.

– Då eg traff Lasse opplevde eg for første gong å bli snakka til og respektert for noko anna enn det livet mitt dreide seg om. Eg visste ikkje kva eg gjekk til då eg sa ja til å vere med, men det viste seg å vere det beste valet eg har gjort utan å vere heilt klar over det, seier han.

Musikken gav han det samtalene med presten og psykologen ikkje kunne gje.  

– Musikken har gjeve meg fridom. Den har gjeve meg høve til å henvende meg til andre om kva det måtte vere. Eg har fått noko i posen å rutte med. I musikken fann eg også ei verd der eg kunne finne fellesskap med andre, seier han.

Artikkelen fortset under bilete
Musikkterapeut Lasse Tuastad (til venstre) traff Kjell Edvard Andreasson for første gong for sju år sidan.

Har levd tekstane
Under Holbergdagane som nyleg vart arrangert ved Griegakademiet opptrådte Andreasson for musikkterapeutane for å vise dei at arbeidet deira virkar. Han er, som han seier det sjølv, eit handfast bevis. No vil han bruke tida si til å vise andre kor positive følger musikkprosjektet kan ha.

Medan han alltid har vore interessert i musikk, er det å spele og skrive tekstar i dag sjølve livet for Kjell Edvard Andreasson. Det er musikken og barnabarna som står i høgsetet. Vegen til å skrive tekstar sjølv var ikke så lang å gå etter årevis med trening i å skrive kjærleiksbrev til barna i dei lange periodane innanfor murane i Bergen fengsel.

– Eg har levd tekstane før eg skriv dei. Dei fleste er kjærleikserklæringar. Sorg ser eg ingen grunn til å skrive om, seier han.

Gjennom ”Musikk i fengsel og frihet”-prosjektet har Andreasson også fått høve til å formidle songen og tekstane sine til eit større publikum. Han har også delteke i tv-programmet “Bak murene”, som gav eit innblikk i livet innanfor og utanfor murane til Bergen fengsel. Dette programmet vart sendt på BTV hausten 2006 og i januar 2007. Han har også halde konsertar saman med musikkterapeut Lasse Tuastad. Den siste opptredenen hadde han på Logen 1. november.

– Eg har fått livet i hendene på ny. I dag er det musikken som er utgangspunktet, seier han.

Makta i musikken

Fakta/ Musikk i fengsel og frihet

* ”Musikk i fengsel og frihet” er eit tilbod om musikkaktivitet til innsatte og tidlegare innsatte. I hovudsak dreier tilbodet seg om å få bli med i band.

* Musikkterapeuten Venja Ruud Nilsen starta opp det første prosjektet ved Bredtvedt fengsel i 1991. I Bergen fengsel blei tilbodet etablert i 2000. Her er det Åsane vidaregåande skule som tek seg av den praktiske drifta av prosjektet. I dag tilbyr 23 fengsel i landet deltaking i ”Musikk i fengsel og frihet”.

* Målet med det musikkterapeutiske tilbodet er å førebu dei innsatte på eit liv utanfor murane. Prosjektet skal stimulere til sosiale og musikalske opplevingar og etablere eit meiningsfylt fritidstilbod og sosialt nettverk.

* Prosjektet er organisert i tre trinn. Trinn 1 er eit musikktilbod inne i fengselet. Trinn 2 blir gjennomført utanfor murane, med same instruktør i lokalane til AKKS. På trinn 3 skal dei tidlegare innsatte drive med musikk på eigen hand.

Kjelde: Musikkterapeut Lasse Tuastad

Powered by Labrador CMS