Mange godbitar på fagleg-pedagogisk dag

Publisert

Senter for etter- og vidareutdanning (SEVU) tilbyr førelesingar innan ei rekke spennande tema under Fagleg-pedagogisk dag 7. februar. Arrangementet har ein viktig funksjon i kontakten mellom UiB og lærarane i regionen.

Programmet, som no er lagt ut, spenner frå “Sikkerhetsrådet som verdslovgivar” via funksjonell genomforsking til musikk av Duke Ellington. Det største problemet med Fagleg-pedagogisk dag blir truleg å snekra saman sitt eige program slik at ein går glipp av minst mogleg.

- Lærarane vil ha stor breidde i fagtilbodet, og det får dei. I år er det også ei større læremiddelutstilling enn tidlegare, fortel Kristen Meling som har koordinert programmet på oppdrag frå SEVU.

Eit aktuelt tema er også kome til etter at programmet gjekk i trykken, nemleg “Pengepolitikken i Norge” ved ass. direktør Ingvild Svendsen i Norges Bank. Alle endringar vert kunngjorte på SEVU sine nettsider.

Tordenskjolds soldatar

Meling opplyser at det varierer veldig kor mykje fagmiljøa bidreg. Mat.nat. og HF er svært aktive og deltek med mange føredrag, og Psykologi har også kome bra med i år. Fleire av førelesarane på Mat.nat. og HF er med kvart år eller annakvart år. På den andre sida er til dømes SV-fakultetet svakare representert, til tross for at fleire SV-fag og tema er etterspurt av lærarane, ifølgje tilbakemeldingar.

- Det får bli ei utfordring til SV-miljøa med tanke på neste år, seier Meling.

Han minner om at det er undervisningsfri på Fagleg-pedagogisk dag. Alle tilgjengelege lokale vert stort sett fylt opp av kunnskapstørste lærarar, dei fleste frå Hordaland og Sogn og Fjordane, men også ein del frå dei andre vestlandsfylka. Dei siste åra har mellom 1200 og 1500 lærarar kome på Fagleg-pedagogisk dag og vore innom 3-4 førelesingar kvar. SEVU reknar med minst like bra oppslutnad i år.

Powered by Labrador CMS