Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ei rekkje kandidatar står klare til å erstatte Nina Mevold som fakultetsdirektør på Det medisinsk-odontologiske fakultetet. Elleve har søkt stillinga.
Dekan Nina Langeland (til venstre) treng ny direktør etter at Nina Mevold (til høgre) byrjar som kommunaldirektør. Arkivfoto: Fredrik Mandal Både avdelingsdirektørar, overingeniørar og fengselsleiarar har søkt på jobben til Mevold, som frå 1. september blir kommunaldirektør på Byrådsavdeling for helse og omsorg i Bergen kommune. Avdelingsdirektør Kristine Breivik (44) ved Senter for internasjonalisering av utdanning er blant søkjarane, saman med administrasjonssjef Oddveig Åsheim ved Institutt for biomedisin, leiar ved Bergen fengsel, Eli Sjo, og administrasjonssjef Elisabeth Müller Lysebo ved Institutt for biologi. Konstituert avdelingsdirektør Heidi Annette Espedal ved forskingsadministrativ avdeling er og ei av dei lokale søkarane. – Eg trur vi har gode søkarar, og er sikker på at vi skal få ein god fakultetsdirektør, seier dekan Nina Langeland. Prodekan Robert Bjerknes, professor Sten Ture Roland Jonsson, personal- og organisasjonsdirektør Line Rye og fakultetsdirektør ved UiO, Bjørn Hol, sit i komiteen som skal vurdere kandidatane, før saka går til dekan Langeland for endeleg innstilling. Deretter skal saka handsamast i det sentrale tilsettingsutvalet ved UiB. – Eg håper at vi får gjennomført tilsetjinga i løpet av august, seier Langeland til På Høyden. Avtroppande direktør Mevold byrjar i ny jobb 1. september, og fakultetet ligg dermed an til å bli utan direktør ei tid, då det er vanleg med tre månaders oppseiingstid. – Men det skal vi klare oss gjennom, forsikrar Langeland. 73 prosent av søkjarane er kvinner, og ei av dei er unnateken frå offentlegheita. Her er heile lista: Namn Alder Noverande stilling Kommune Kjønn Silvia Lupan 26 unemployed Bergen Kvinne Zeeshan Ali 32 Overingeniør Oslo Mann Søkjaren er unnateken frå offentlegheita Kvinne E. Erik Eiknersson Eichner 43 studiedekan / seniorforsker Sauherad Mann Kristine Breivik 44 Avdelingsdirektør Bergen Kvinne Oddveig Åsheim 46 Administrasjonssjef, Institutt for biomedisin Bergen Kvinne Eli Sjo 57 Fengselsleder Bergen Kvinne Elisabeth Müller Lysebo 46 Administrasjonssjef Bergen Kvinne Zahrasadat Thareipoorfard 37 Lecturer at university Pishva Kvinne Sverker Johansson 52 Deputy Dean Jönköping Mann Heidi Annette Espedal 44 Konst. Avdelingsdir., Forskningsadm. Avd. Bergen Kvinne