Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Studentar troppar opp i hundrevis for å få vite meir om pensjonsreforma. Ein utenkjeleg tanke? Langt ifrå!
Då finansminister Per-Kristian Foss heldt gjesteforelesing om pensjonsreforma på SV-bygget tysdag, var det store auditoriet smekk fullt, og dei aller fleste var studentar. Fleire måtte sannsynlegvis gje opp i fortviling i forsøket på å kome seg inn. Mineralvatnet til den tørste talaren måtte transporterast fram igjennom benkeradene frå hand til hand. Etter foredraget var det sett av nokre minutt til spørsmål frå salen, og studentane let ikkje høvet gå frå seg. Ein ville vite om det var lurt å leggje saka fram for Stortinget allereie til hausten, og om ein ikkje heller burde la folk få tyggje på henne fram mot neste stortingsval. Dekanus Alf Erling Risa ved SV-fakultetet har, som han seier, slutta å late seg overraske av at 22-åringar interesserer seg for pensjonsspørsmål.
Finansministeren gjekk generelt igjennom innstillinga til pensjonskommisjonen, og nemnde både opplagte punkt som det er stor semje om, og dei problema ein framleis må finne løysingar på. Han konkluderte med at vi har ein fordel ved at vi kan starte reformene no, medan vi framleis har tid til å gjere det gradvis.
Spørjelystne studentar
– Det er klart det er mest komfortabelt å vente. For meg ville vel det enklaste vore å ikkje gjere noko i det heile, meinte Foss, til humring frå salen.
– Men vi har allereie brukt lang tid, og mykje av jobben er gjort. Alle parti har hatt ein representant i kommisjonen, og dei store organisasjonane har vore representerte i ei referansegruppe som er blitt stadig orientert, så dette skal ikkje kome brått på nokon. Og eg er slett ikkje sikker på om ein valkamp er det mest eigna tidspunktet å ta opp spørsmål som først får implikasjonar om tjue år, sa han.
Ein annan ville vite om det løner seg for studentar å ha deltidsjobb ved sida av studiane, slik mange har. Finansministeren trudde at reint pensjonsmessig vil det løne seg å heller bli ferdig og starte pensjonsoppteninga tidlegare.
– Men eg skjønar jo at når ein skal vurdere om ein vil bli ferdig når ein er 25 eller 26 år, og om ein heller vil leggje inn eit sabbatsår eller reise jorda rundt først, så er det kanskje ikkje pensjonsutsiktene som er den største motivasjonsfaktoren når avgjerda skal takast. Og deltidsjobb eller reising kan også vere investering i høgare løn seinare, og då vil reknestykket sjå annleis ut, minte han om.
Fagleg interesse
– Noko av grunnen til engasjementet kan jo vere, som finansministeren også nemnde, at det dreier seg om spenningar mellom generasjonar. Det som er fint for femtiåringane, kan vere ei belasting for ein på tjue.
Han trudde dessutan at mange av dei frammøtte studentane også hadde ei reint fagleg interesse for emnet.
– Ved vårt fakultet har vi jo mange studentar som er fagleg opptekne av velferdsstaten sin organisering og funksjonsmåte. Slike spørsmål inngår i dei fleste fag hos oss. Difor valde vi å kalle dette ei gjesteforelesing.