Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Helse Bergen har sett i gang full gransking etter manglande kontroll med forskingskroner i selskapet Innovest, der forskarar frå UiB og Helse Bergen er involvert.
– Det har vore dårleg kontroll med kva pengane har gått til, seier Eivind Hansen, som er økonomi- og finansdirektør i Helse Bergen, til Bergens Tidende. Hansen er styreleiar i Innovest. Selskapet vart oppretta av UiB og Helse Bergen i 1997. I dag er det eigd av forskningsstiftelsen Universitetsforskning Bergen (Unifob) og Helse Bergen. Selskapet administrerer avtalar om utprøving av legemiddel og annan medisinsk forsking som er eksternt finansiert. Forskarar frå både UiB og Helse Bergen nyttar selskapet til å halda orden på forskingsprosjekt dei er involvert i. Kvart år går det om lag hundre millionar kroner til prosjekt i Innovest. Kaffimaskin og gåvekort Det er 17 av mellom 700 og 800 kontoar som no er granska. UiB vil bidra – Dette har resultert i meir rot enn misbruk, seier Hansen, men seier òg at gruppa har funne nokre uttak og forhold som det kan setjast spørjeteikn ved. Då rapporten var ferdig, valte styret å avslutta avtalen med dagleg leiar Arne Godal. Ifølgje BT godtar Godal ikkje dette, og har svart med søksmål mot Innovest. Mange av forskarane i Innovest har hovudarbeidsplass ved UiB. – Me har tatt det Helse Bergen har gjort til etterretning, og vil prøva å bidra det me kan til å gjennomgå og få til dei endringane som vert kravd, seier universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken til avisa. Framsidefoto: Magnus Vabø
I fjor oppdaga Hansen det han sjølv kallar svakheiter i systemet. Han oppretta ei prosjektgruppe som skulle sjå nærare på verksemda. Rapporten, som Bergens Tidende skriv om i dag, viser fleire tilfelle der forskingsmidlar er brukt på tvilsam måte: Til innkjøp av kaffimaskin og gåvekort, og til å betala dobbel løn til ein forskar ved at Innovest hadde betalt for frikjøp i same periode som forskaren fekk full løn frå Helse Bergen. I eit tilfelle var ein forskarkonto belasta med ein million kroner i kongressavgift, og i eit anna tilfelle sendte forskaren inn ei rekning som han sjølv signerte utbetalinga av.
Hansen seier til BT at oppryddinga handlar om å tetta hol i systemet. Han seier at inntrykket hans er at pengane gjennomgåande har vore brukt til forskingsformål, men at systemet har svakheiter.