Manglar kandidatar til nytt UiB-styre

Publisert

Torsdag 21. april er siste frist for å melde inn kandidatar til valet på nytt universitetsstyre. Så langt har det ikkje kome nokon forslag frå dei faste vitskapeleg tilsette.

Fire dagar før fristen går ut for å kome med forslag til nye styremedlemmer har både dei mellombels vitskapeleg tilsette (gruppe B) og dei teknisk-administrativt tilsette (gruppe C) lansert kandidatar.

Men framleis manglar forslag til styremedlemer til den komande perioden frå dei vitskapeleg tilsette i fast stilling (gruppe A).

– Dei har ein tendens til å kome mot slutten, men no er det ikkje lang tid igjen, seier Per Gunnar Hillesøy ved Kollegiesekretariatet.

Frå gruppe B er det Vigdis Vandvik frå Institutt for biologi som så langt er meldt på. I gruppe C, der forslagsfristen har gått ut, ønskjer Forskerforbundet kontorsjef ved Institutt for fysikk og teknologi, Kjell Trengereid. Arbeidstakarorganisasjonen Parat har fremt ei liste av kandidatar i prioritert rekkefølgje: Gry Kibsgaard frå Odontologisk fakultet, Kristine Breivik frå Mat. Nat-fakultetet, Gunnar Torsnes frå Personal- og økonomiavdelinga og Ane Landøy frå Universitetsbiblioteket.

Det skal veljast to kandidatar til gruppe A, og ein kvar frå gruppe B og C. Medlemene frå gruppe B blir valt for eitt år, dei frå A og C for fire år. To skal veljast av og blant studentane, og dette skjer i Studentrådet i juni. Dei fire eksterne styremedlemene skal utpeikast av Utdannings- og forskingsdepartementet etter innstilling frå UiB.

Sjølve valet går av stabelen i mai. I perioden 4. til 12. mai kan dei tilsette i gruppe C gi sine elektroniske stemmer. Gruppa A og B kan stemme i perioden 9. til 19. mai.

Ifølgje valreglementet vil valstyret ved UiB hjelpe med å arrangere presentasjonsmøter for kandidatane, dersom det vert ytra ønskje om det. Ved førre styreval var det ingen presentasjonsmøter.

Powered by Labrador CMS