Mannlege professorar på topp

Publisert

Professor Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen hamnar på topp på ei liste over dei 100 mest mediesiterte og omtalte professorane i Noreg i 2007.

Det er medieovervakarane Retriever som på oppdrag frå Morgenbladet har utarbeida lista som viser ei svært skeiv kjønnsfordeling. Berre 14 av dei 100 professorane er kvinner, og dette er ein nedgang i høve til 2006, då 20 kvinner var inne på lista.

Lista viser også at det er professorar i humanistiske og samfunnsvitskapelege fag som er dei mest framtredande, medan representasjonen av matematiske og naturvitskapelege fag, med unnatak av medisin, er relativt dårleg. Det kjem også fram at sjølv om Frank Aarebrot sikrar UiB topp-plasseringa, så er nesten halvparten av dei omtalte professorane tilknytta Universitetet i Oslo.

Guri Hjeltnes, professor i journalistikk ved BI, er ei av dei 14 kvinnene på lista. Ho seier til Morgonbladet at ho ikkje er forundra over den sterke mannlege dominansen, og trur den skeive fordelinga skuldast at kvinnelege professorar nøler med å stille opp i mediene.

Powered by Labrador CMS