Mannlige akademikarar lever like lenge som prestar

Publisert

Mannlege universitets- og høgskulelærarar lever i snitt i 80,7 år. Professor emeritus Holger Ursin (70) er ikkje overraska, og meiner ei av årsakene er at akademikarar aldri pensjonerer seg mentalt.

- Byrjar du å stelle rosene har du tapt, meiner Ursin.

Jobb på universitetet! Lev lenge! Dette kan bli det nye slagordet til UiB. Ifølge levekårsundersøkinga fra Statistisk sentralbyrå som nyss vart publisert er mannlege akademikarar nest øvst på lista over menneske i yrke med lang levetid. Prestane slår dei så vidt med sine 81,0 år.

Kvinnelege universitets- og høgskulelærarar er ikke nemnt i undersøkinga, medan kvinnelege lektorar, adjunktar og kvinner i offentleg forvaltning kan rekne med å leve til dei er minst 83 år.

Utdanning gjev langt liv

- Det er heilt logisk at akademikarar lever lenge. I Noreg viser forsking at høg utdanning er det viktigaste variabelen for å oppnå lang levetid. Dette tel meir enn høg inntekt, dessverre må eg nesten seie om gammal fagforeningsmann, seier Holger Ursin. Han legg til at slik er det over heile Norden.

Ursin er professor emeritus i biologisk og medisinsk psykologi men framleis aktiv forskar ved “Senter for stress, søvn og helse.” Han har nett delteke i ei stor europeisk undersøking med tittelen ”Social Inequalities in Europe” saman med senterkollega Hege Randi Eriksen.

Den europeiske undersøkinga har prøvd å finne svar på kvifor folk i dei lågare sosiale laga har fleire sjukdommar og døyr tidlegare.


Samanheng mellom mestring og helse

- Før har vi trudd at det går på materielle ressursar. No heller vi mot at det er ein tett samanheng mellom mestring og helse. Det er ikkje det at dei med låg utdanning døyr tidlegare, men dei plukkar ikkje opp den forlenga levealderen. Ein kan spørje seg, skjøner dei ikkje bodskapen på sigarettpakka. Men det er nok heller motivasjonen det går på, seier Ursin.

I følge Ursin er eit vanleg utsagn; Kvifor skal eg slutte å røyke når det eg likevel det så kjipt. Han meiner tjukke og triste menneske ristar på hovudet av den glade helsebodskapen, medan dei med høg utdanning og høg sosial status har ein mykje høgare motivasjon for å fortsetje med det interessante høgstatuslivet sitt.


- Hald deg til bøkene

- Kva med pensjonerte akademikarar, blir ikkje dei ofte frykteleg triste?

- Nei, ein av dei tinga som held oss i live er utdanninga og yrket vårt. Vi kan ikkje slutte og tenke og lese. Det er eit kjempeprivilegium. Personleg hadde eg døydd om eg hadde pensjonert meg no. Akademikarar må fortsetje med det dei heile tida har vore opptekne av sjølv om dei ikkje har plikt til å forelese.

- Dei av mine kolleger som byrjar å klyppe roser og samle frimerker. Det verkar på meg som ein langsom måte å ta livet av seg. Nei, dei som har ei akademisk utdanning må takke himmelen for det, seier Ursin.

Powered by Labrador CMS