Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Svært interessant og lærerikt, sa stortingspolitikarane frå Hordaland som var på cruise på Byfjorden med forskingsskipet til UiB, Håkon Mosby fredag 5.april. Dei stadfesta at viljen til å satsa på forskingsbaserte verksemder er aukande.
Heile hordalandsbenken var invitert på minicruise, mellom anna for å høyra om korleis forsking kan bli til næring. I skipssalongen fortalde Universitetsdirektør Kåre Rommetveit om UiB sine randsoneaktivitetar og kommersialisering av forsking. Hordalandspolitikarane var einige i at Noreg manglar risikovillig kapital for å satsa på kommersialisering av forsking. Eit gjennomgangstema på byfjorden denne fredagen var at vi treng såkornmidlar på lik linje med Danmark og Sverige, men kvar skal pengane komma frå? May-Britt Vihovde frå Venstre var også oppteken av å få næringslivet til å investera i forsking. Hordalandsbenken fekk også høyra Dekanus Magne Raadal ved Det odontologiske fakultet snakka om tannlækjarutdanning i framtida og behovet for nybygg. Professor Ulf Båmstedt, IFM demonstrerte det fjernstyrte undervassfartøyet “Aglantha” og fortalde om nye muligheiter for marinbiologien. Medan professor i geologi Rolf-Birger Pedersen fortalde om djupvassforsking som blir dreve ved UiB. Han viste mellom anna film frå 3500 meters djupn til interesserte politikarar som koste seg i roleg sjø og solskinn - truleg blir det større bølger når pengane skal fordelast .
– Vi er inga skjerma verksemd. Det er lenge sidan vi byrja å leika med andre, sa Rommetveit. Han la til at UiB er i ferd med å etablera ei lang rekke arbeidsplassar i Bergen. UiB satsar på innovasjon, men møter ofte veggen i dei tidlege fasane, den såkalla såfasen, der det trengs investorar som tør å satsa utan at ein veit om prosjekta har livets rett. Rommetveit hevda ein må gå inn og sjå på kva som sviktar i norsk innovasjonspolitikk. Han meiner både politikarar og næringsliv må ta dette på alvor og våga å satsa. Rommetveit nemnde spesielt Protevs som eitt døme på at regjeringa ikkje har fylgd opp tidlegare lovnader, og kalla manglande bevilgningar til selskapet for ei arbeidsulykke.
– Samfunnet må få opp augene for at universitetet si kompetanse kan stillast til rådvelde og komma alle til gode, sa professor i medisin, Alfred Halstensen.
Treng forskingsfond
Ågot Valle frå SV sa til På høydene at hennar parti har foreslått å bruka 2,5 milliardar frå oljefondet til eitt fond. Valle trur dette forslaget kan få fleirtal på Stortinget, men ingen av hordalandspolitikarane vi snakka med signaliserte førebels at dei ville støtta dette. Anita Apeltun Sæle frå regjeringspartiet Krf meiner ein viktig veg å gå er betring av vilkåra for næringslivet.
– Gjennom dei rette incentiva trur vi dei vil bidra med meir kapital enn dei gjer i dag.
80 prosent av dei jobbane vi skal vera i om tjue år fins ikkje i dag. Men for at vi skal komma dit må vi satsa. I dag er Noreg eit land med Petter Smart mentalitet, men vi kjem ikkje over det stadiet, seier Apeltun Sæle som også vil gje meir offentlege forskingspengar.
Vil ha næringslivet på bana
– Eg er skuffa over næringslivet. Dei kunne gjort mykje meir, sa Vihovde.
Kåre Rommetveit stadfesta at næringslivet i Bergen er lite forskingsretta.
– Bergen er framleis ein handelsby og næringslivet er i utakt med forskinga. Til dømes er Universitetet i Bergen sterk innan biologiske fag, men det er lite av denne type industri i regionen, sa han.
Samtlige politikarar På høydene snakka med ombord på Håkon Mosby meinte Noreg må satsa meir på forsking og innovasjon. Det dei altså ikkje er samde om er korleis det skal gjerast.
Ute på sjøen fekk politikarane også høyra dekanus på SV-fakultetet, Alf-Erling Risa, fortelja om Kvalitetsreformen og kva denne vil innebæra av endringar - og behov for nye ressursar. 400 millionar netto vil reformen kosta dei norske universiteta. Ein føresetnad er at universiteta skal med dette aukar vekttalsproduksjonen frå 11 til 14 vekttal per student årleg.
– Dersom vi ikkje får tilstrekkeleg med midlar kan dette bli ein katastrofe. Får vi midlar slik institusjonane meiner det er behov for kan det bli ein kvalitetsreform, sa universitetsdirektør Rommetveit som også nytta høvet til å minna om at Studentsentret er ei prioritert oppgåve som politikarane ikkje må skuva under teppet.
Havet som forskingsfelt