Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Framlegget til ny strategi for UiB haustar lite jubel. Onsdag blir det mest truleg vedteke i universitetsstyret.
Onsdag skal universitetsstyret diskutere framlegget til strategi for UiB for perioden 2016-2022.
Arbeidet med strategien har vore i gang sidan 2013. Den starta med ei opa høyring på Litteraturhuset i Bergen. Deretter vart utkastet sendt ut på høyring til alle greiner av UiB. Tilbakemeldingane vart teke med i det vidare arbeidet. I slutten av august blei utkastet til strategi diskutert i universitetsstyret.
Onsdag vil universitetsstyret truleg vedta den nye strategien.
– Viktig å vise at UiB har ein marin strategi
I framlegget til strategi som vert lagt fram for universitetsstyret onsdag er dei tre orda «Hav-liv-samfunn» lansert som tittelen på strategien. «Hav-liv-samfunn» -triangelet har vore oppe til diskusjon tidlegare. Frå enkelte fagmiljø var tilbakemeldinga at ordet «hav» kunne verke ekskluderande, og at «vatn» difor var meir dekkande.
Jarl Giske er prodekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. I eit innlegg i På Høyden argumenterte han for at «hav» var eit betre ordval enn til dømes «kyst» eller «vatn».
«…Forskjellen på vann og hav for UiB nå, er at hav er ment strategisk mens vann er ment inkluderende. Det er bedre å sløyfe hav enn å tro at vann gjør samme nytte. Da kan UiB like godt bli enda mer inkluderende: «Alt, Alt og Alt», skreiv Jarl Giske i innlegget «Kan «Alt» være en strategi?»
– Eg er nøgd med at «hav» vart valt, seier Jarl Giske til På Høyden.
– Vi kan ikkje ha ein strategi om at vi ikkje har ein strategi. Då kan vi like gjerne late vere å nemne noko. Det som er viktig for meg, er at vi i søknadsskrivinga kan vise til at UiB har ein marin strategi.
Demonstrerer kontiunitet
– I strategiutkastet er ordet «hav» nemnt tre gonger. «Marin forsking» er nemnt to gonger. «Klima», eit av dei andre strategieske satsingsfelta, er nemnt tre gonger. Kjem klimaforskinga ved UiB tydeleg nok fram i strategien?
– Det er kjekt at energi, teknologi og behovet for energiomstilling kjem tydeleg fram, og at UiB tek eit skritt fram og seier at vi vil fokusere på ein av den største utfordringane som kloden vår står overfor. Klimaforskinga er den varsellampa som har gjort oss merksame på at noko må gjerast. I tida som kjem, blir regionale og lokale effektar viktigare element i klimaforskinga. Men vi kan ikkje stoppe opp med å forstå, vi må også prøve å gjere noko.
Jarl Giske meiner strategien demonstrerer ein kontinuitet i den vitskaplege verksemda ved UiB.
– Når eg ser innleiinga, er det ei vakker skildring av ein kontinuitet i UiB sine viktigaste oppgåver sidan Bergens Museum sine dagar. Sidene som tek for seg korleis vi skal arbeide framover, støttar også godt oppunder strategien, seier Jarl Giske.
– Eg fryktar at eit svakt strategidokument som dette fører oss endå lenger frå europeisk toppklasse.
– Tynt
«En rekke evalueringer av norsk forskning de siste årene viser til svak evne til å prioritere, liten vilje til å satse på kvalitet, langsiktighet og djervhet». Dette skriv rektor i eit innlegg i På Høyden.
I kommentarfeltet får han svar frå Hans K. Hvide, professor i økonomi ved UiB:
«Det er vanskelig å være uenig i dette. Det som er mer uklart for meg er hvordan Olsen planlegger å bedre faglig kvalitet ved eget universitet. Hittil virker han mest opptatt av dyre bygninger - prosjekt som i beste fall indirekte styrker kjernemiljøene, i verste fall svekker dem. Det var noe med ord versus handling,» skriv Hans K. Hvide.
Etter å ha lese strategiutkastet finn Hans K. Hvide er lite å juble over.
– Dette synes eg er tynt. Ein strategi må innehalde ein sjølvevaluering som seier noko om kvar ein er i dag. Den må også seie noko om kvar ein vil, kva resursar er skal stille til rådigheit for å kome dit, og ikkje minst om korleis ein vil prioritere. Denne strategien seier lite om korleis leiinga vil prioritere, seier Hans K. Hvide.
– Eg fryktar at eit svakt strategidokument som dette fører oss endå lenger frå europeisk toppklasse. Endå lenger mot å bli eit regionaluniversitet i periferien av Europa.
Folk, ikkje bygningar
– Kva hadde gjort strategien betre, slik du ser det?
– At resursane blei brukt til å styrke kjernemiljøa.
Økonomiprofessoren seier rektoratet ikkje peikar ut kva veg UiB skal gå for å bli betre.
– Hovudproblemet med strategien er at ein vil satse på alt. Her er det mange ønskjer, men dei sprikar i alle retningar. Det er breidde, hav, bygningar. Rektoratet uttrykker at dei vil satse på kvalitet, og tanken er kanskje at dersom ein reiser bygningar til nokre millionar, vil kvaliteten kome av seg sjølv. Dette er etter mi oppfatning ein feilslutning. Rektoratet bruker ord som «framifrå», men seier ingenting om korleis ein skal få dette til. I akademia handlar det å bli framifrå om rekruttering, rekruttering og rekruttering.
– Du skriv i kommentarinnlegget at det er uklart korleis Olsen vil betre den fagleg kvaliteten ved eige universitet. Blei dette klarare etter å ha lese strategien?
– Nei.
– Det er breidde, hav, bygningar.
Ingen klar spissing
«Hav-liv-samfunn» er i strategien supplert med «Kunnskap som formar samfunnet, og står som ein avsluttande visjon for det som leiinga held frem som sine fire sentrale oppdrag: Å utforske, utdanne, utvikle og utfordre.
Marin forsking, globale samfunnsutfordringar, klima og energiomstilling vert halde fram som UiB sine sentrale satsingsområde.
– Mykje i strategien er bra og fornuftig, seier Helge Drange, professor i oseanografi og klimaforskar ved Bjerknessenteret til På Høyden.
– Samtidig vil eg spørje: Er ikkje UiB eit middelmåtig universitet? Ser vi på utteljinga på SFI-ar og SFF-ar, så har dette vore sørgjeleg. Dermed er det som er streka opp her svært nærmast naivt ambisiøst. Det er også vanskeleg å seie at det er ei klar spissing av visjonane.
– I strategien er klima og energiomstilling utropt til å vere nokre av felta UiB framleis skal satse på. Kva forpliktingar ligg i dette?
– Skal UiB verkeleg bli lagt merke til internasjonalt, må ei tverrdisiplinær klimaforsking vere det som gjer heile forskjellen. Då snakkar vi om genuint samarbeid på kryss av fakulteta. Vil vi ha eit reelt, tverrfagleg løft, må økonomar, samfunnsforskarar og juristar inn.
– Sjølv på mat.-nat-fakultetet er det i dag lite engasjement for energiomstilling
Lang veg å gå for energiomstillingsforskinga
Helge Drange er lite imponert over forskinga på korleis samfunnet skal pensast vekk frå ein oljedriven økonomi og over på grønare energikjelder.
– Når det gjeld feltet energiomstilling, må det ein revolusjon til dersom UiB skal bli ein storleik ein kan rekne med. Sjølv på mat.-nat-fakultetet er det i dag lite engasjement for energiomstilling. At energiomstilling er med i visjonen er flott, men ettersom vi ikkje har eit utgangspunkt å bygge på, vil det gå ti år med vaksenopplæring av forskarar og administratorar dersom ein skal ha håp om å nå måla.
– Sett frå innsida av klimaforskingsmiljøet: Opplever de at de blir satsa på?
– Ja. Det vil eg seie. Men eg er ikkje sikker på at UiB vil bli hugsa for den tradisjonelle klimaforskinga si. Det som ville kunne gjort ein forskjell, var viss vi ved UiB klarte å legge til rette for at klimaforskinga blei kopla saman med andre disiplinar. Men det krev mykje av staben. Og når vi ikkje klarer å få inn ein SFF eller SFT, viser ikkje det at vi har eit problem ein stad?