Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Den marine forskinga i Bergen er til dels eksepsjonelt sterk, meiner ei internasjonal forskargruppe. Men Universitetet i Bergen får stryk når det gjelder organisering, og Uni Research kan bli eit problem.
Det er nokre av hovudpunkta meiner forskarane frå Danmark, Sverige, Storbritannia, Irland og Spania, som har vurdert det marine forskingsfeltet ved Universitetet i Bergen. Evalueringa blir grunnlaget for om marin forsking framleis skal bli eit satsingsområde i strategien til UiB.
Blant dei beste
Panelet var imponert over den generelle kvaliteten på både utdanning og forsking ved UiB, særleg på det naturvitskaplege feltet. Dette gjeld særleg dei største institutta og sentra som jobbar med marine spørsmål: Geofysisk institutt, Institutt for geovitskap, Senter for geobiologi, Institutt for biologi og Bjerknessenteret for klimaforsking.
Generelt meiner evalueringspanelet at nokre av forskingsgruppene er blant dei mest anerkjende i verda. Forsking på kva verknad havet har på klima og klimaendringar blir omtalt som «eksepsjonelt sterk».
Kompleks og byråkratisk
Men dei blei knapt imponerte av organiseringa av den marine forskinga, som har vore definert som eit satsingsområde for UiB sidan slutten av 80-talet.
– Vår hovudbekymring er at den marine forskingsklynga i Bergen er svær kompleks, i alle fall når ein ser det utanfrå. Det kan vere vanskeleg å orientere seg, og det heile kan og bli noko byråkratisk, då det er mange involverte, seier professor Thomas Kiørboe ved Danmarks Tekniske Universitet.
Marinbiologen har leia gruppa som i haust har evaluert den marine satsinga til UiB.
Utydeleg strategi
– Universitetet har òg hatt ein marin strategi som er meir implisitt enn eksplisitt. Strategien er ikkje alltid så tydeleg, heller ikkje for dei tilsette ved universitetet. Og einingar som til dømes Bergen marine forskningsklynge virkar å vere ganske tomme organisasjonar, seier Kjørboe.
Han peikar på at den marine forskingsklynga i Bergen ikkje verkar å vere særleg vellukka om ho skal målast på toppstyring.
– Men det lukkast godt på den måten at det fungerer frå botten og opp, seier marinbiologen.
Han peiker og på at det er mange vellukka tverrfaglege fagmiljø i den marine klynga.
Bergen litt framom
– Ein har snakka om å gjere Bergen til den leiande byen I Europa på marin forsking. Er det realistisk?
– Bergen er eit kjernepunkt innan marin forsking, og det er eit svært mangfaldig havforskingsmiljø, også utanfor universitetet. Eg vil seie at det er ein ærleg og realistisk ambisjon.
Av konkurrentar nemner Kiørboe Southampton, Kiel, Vigo og Barcelona. Men institusjonane i Sør-Europa er råka av finansieringstørke.
– I kraft av storleiken sin ligg Bergen kanskje litt framom, meiner han.
Brennmaneten Uni Research
Men ein ting har forskarane særleg undra seg over: Uni Research. Dei er sjølvaste brennmaneten i Taremareby. Evalueringspanelet meiner at dette er den viktigaste kritikken i heile rapporten. Dei meiner at Uni Research har blitt eit forskingsuniversitet innanfor universitetet, og at dette har ført til utvikling av parallelle forskingsmiljø og infrastruktur.
– Vi kan godt ta feil, men slik vi opplevde det var Uni Research ein institusjon som var oppretta for å gjere det lettare å tilsette folk mellombels. Vi oppfattar det òg slik at ein driv med grunnforsking både på universitetet og i Uni Research.
Kiørboe har opplevd at det er liten skilnad på UiB og Uni Research, mellom anna når hans eigen institusjon skal samarbeide med forskingsmiljøet i Bergen.
– Det hadde vore lettare om universitetet og Uni Research dreiv med ulik forsking, men det verkar ikkje å vere ei klar oppgåvefordeling mellom dei, seier Kiørboe.
Det høyrer med til historia at evalueringspanelet ikkje har hatt intervju med tilsette i Uni Research, og at forskinga i aksjeselskapet ikkje har vore med i mandatet til panelet.
– Meget mangelfullt
Evalueringsgruppa fekk i utgangspunktet eit mandat som berre gjekk ut på å evaluere den naturvitskaplege marine forskinga til UiB, men etter kvart blei det utvida til å gjelde all marin forsking på universitetet. Mykje tyder på at UiB sjølv har hatt ei ganske overflatisk oversikt over det viktigaste satsingsområdet til institusjonen dei siste 30 åra.
– Det materialet vi først fekk var meget mangelfullt. Mellom anna når det gjeld pengebruk på marin forsking ligg det et stort detektivarbeid bak vår rapport.
Når det gjeld fagmiljø innan humanistiske og samfunnsvitskaplege fag er konklusjonen at mange av fagmiljøa er så små at dei ikkje har den kritiske massen som trengst, og at forskinga er svært fragmentert.
Endå dyktigare
– Rapporten viser at det var riktig å gjennomføre ei slik evaluering etter så mange år. Den peiker på at vi har nokre verdsleiande miljø. Dei har lukkast i stor grad, men utan at struktur og organisering har hjelpt dei i særleg grad. Vår oppgåve no blir å sjå til at forskarane våre blir endå dyktigare. Dette vil vi ta med oss når vi lager ein ny strategi, seier rektor Dag Rune Olsen.
Han har merka seg kritikken av Uni Research, som han sjølv ser på som eit viktig verktøy for UiB i åra framover.
– Eg meiner at Uni Research så til de grader er på rett veg når dei orienterer seg mot oppdragsforsking og bruk av forskinga, mens UiB går meir mot grunnforsking. Vi treng alle ledd i prosessen for å byggje ei heil forskingsklynge i Bergen. Vi samarbeider også svært godt med leiinga i Uni, seier Olsen.
– Innovest-skandalen har vist kor galt det kan gå med randsoneforsking. Kva tyder det for framtida?
– Innovest er eit særtilfelle vi har mykje å lære av. Slik skal det ikkje gjerast i åra framover, lover UiB-rektoren.
– Heng igjen frå gamalt
– Vi føler at den evalueringa heng litt fast i gamal historie. Ein gong hadde vi UiB sin eksterne forskingsportefølje, men no står vi på eigne bein og tek ansvar for vår eigen portefølje, seier administrerande direktør i Uni Research, Aina Berg.
Forskingsselskapet blei i haust godkjent for basisløyving, og det er venta at dei får direkte løyving frå statsbudsjettet frå 2016.
– Vi ville heller aldri blitt godkjent for basisløyving om situasjonen var slik evalueringspanelet trur. Eg meiner at både UiB og Uni Research har tent på at vi har fått ei arbeidsdeling mellom oss. Vi trur veldig på den delinga, og at ho gir grunnlag for meir forsking i Bergen, med eit sterkt universitet og eit sterkt Uni Research.
Trur på stifting
Berg trur på ei arbeidsdeling der Uni Research tek seg av oppdragsforsking, og er glad for at rektoratet ved UiB i det siste har signalisert at dei vil satse på Uni Research.
– Vi er meir ein prosjektorganisasjon, og det er vanskeleg for eit universitet å vere like svolte på det feltet. Å blande dei to kulturane saman trur eg er uheldig.
– Ville det ha vore betre å organisere forskinga til Uni Research innanfor rammene av universitetet?
– Definitivt ikkje. Eg trur på ei arbeidsdeling, og vi må vere utanfor.Det same signalet kjem frå Forskingsrådet.
– Er det best å organisere randsoneforsking i aksjeselskap eller i stifting?
– Dette har eg ikkje sterke meiningar om, begge måtar kan fungere fint. Fleire universitet slit med å definere kva det vil seie å vere ein god eigar for eit forskningsinstitutt. For oss er det viktig å ha eit styre som forstår vår eigenart - det har vi. Vidare er det viktig at vi har eit godt og nært forhold til eit godt universitet. Utgangspunktet er at vi får til meir saman.