Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Under hovudparolen ”Fritt akademia” slår tilsette og studentar seg saman til motstandsmøte på Kvarteret mot forslaget til ny universitetslov.
Lik rett til utdanning og vern om gratisprinsippet, individuell rett og fridom til å forske, nei til kommersialisering av norsk utdanning og demokratisk valt leiing med rektor som styreleiar. Det er parolane når studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen møtest på Kvarteret 26. januar kl. 15.00 for å markere motstand mot forslaget til ny universitets- og høgskolelov, som skal handsamast av Kyrkje- undervisnings- og forskningskomiteen (KUF) på Stortinget 8. februar. Professor Frank Aarebrot skal halde innleiinga og studentrepresentant i UiB-styret, Jette Christensen kjem med appell. Musikk står Andreas Segrov for, ein av dei mest lovande unge artistane i Bergen. Dersom veret er godt, vert det også fakkeltog frå Kvarteret til Museplass. Men det er altså fleire delar i lovframlegget akademikarar og studentar vil markere motstand mot. Det er NSU Bergen, studentrepresentantane i styret, Parat, Forskerforbundet og Norsk tenestemannslag (NTL) som saman står for arrangementet i Bergen.
Kanskje fakkeltog
Etter at Frp sin representant i KUF-komiteen, Arne Sortevik, nyleg gjorde det klart at partiet vil gå inn for valfridom når det gjeld styringsformer ved universiteta, er det så godt som klart at regjeringa ikkje vil få fleirtal for sitt lovframlegg når det gjeld styreleiar og rektor si rolle. Rektor vil framleis kunne fungere som demokratisk valt styreleiar, slik mellom anna Universiteta i Bergen og Oslo har gått inn for.
Markering i Oslo
Også i Oslo skal det vere markeringar 26. januar med ope møte i Universitetets aula og fakkeltog til Stortinget. Det er venta tilreisande frå fleire forskings- og utdanningsinstitusjonar i Noreg til denne markeringa.