Realfagbygget stod ferdig i 1977. 40 år etter må det definitivt gjerast ein del med bygget, som er freda. Arkivfoto: Tor H. Monsen

Rehabilitering av Realfagbygget kan kosta ein milliard

Publisert

3,3 milliardar vil det kosta å få alle UiB sine bygg opp til god standard. Rehabilitering av realfagbygget åleine vil kosta nærare ein milliard.

«De tekniske anleggene i bygget og deler av bygningskonstruksjonene har nådd sin tekniske levealder og krever fornyelse».

Det heiter det om realfagbygget i den nye masterplanen for areal, som skal handsamast i universitetsstyremøtet torsdag.

Dersom ein skal få alle bygga UiB eig opp til det som vert kalla tilstandsgrad 1 etter Norsk Standard, og som er ei målsetjing i sektoren, vil det krevja 3,3 milliardar kroner – eller 120 millionar kroner i året fram til 2014.

40 år

Realfagbygget, giganten med 47 000 kvadratmeter bruksflate, fyller 40 år i år. Bygget har fått nytt tak, og det nye læringssenteret skal opna på nyåret. Men det må snart gjerast større ting med bygget. I tillegg er ikkje planløysinga i dagens bygg optimal i forhold til krav til moderne læringsareal og arbeidsplassar for studentane.

– Eigedomsavdelinga har heile tida prosjekt i bygget, og det er fullt mogleg å driva vidare i bygget. Men det er ventilasjon og luft som er problemet, og det er dyrt, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

I masterplanen vert det peika på at utfordringane er særleg store for Kjemisk institutt, som har underkapasitet for avtrekksskap.

Nærare ein milliard kroner kan det kosta å rehabilitera realfagbygget. Summen kan verta eit par hundre millionar lågare, men det er avhengig av det mykje omtala EnTek-bygget.

Melder inn år etter år

Og Kjemisk institutt skal etter planen flytta – nettopp til EnTek-bygget. Det står høgt på prioriteringslista, men med ein kostnad på totalt sett nærare ein milliard kroner (i faktaboksen ligg det sum inne for byggetrinn ein, journ.anm), er dette eit prosjekt som må finansierast over statsbudsjettet. Det tek tid. Tid fram mot byggestart kan i beste fall ta fem-ti år, heiter det i forslaget til masterplan.

– Korleis får ein gjennomslag for slike prosjekt?

– Ein må jobba langsiktig, det er det NTNU og UiO har gjort. No har dei fått store, nye bygg, seier Bernstrøm.

– Heilt konkret er det ein gjer å melda prosjekta inn i budsjettdokumentet. Me har lagt EnTek inn i 2019-budsjettet, som me nyleg sendte departementet. Og me la bygget inn i 2018-budsjettet òg. I tillegg har me løpande møte med departementet. Men det tek tid, eg trur det tok åtte-ti år før det nye odontologibygget var på plass.

Når og om EnTek-bygget kjem, skal det mellom anna vera avanserte laboratorium der. Det vil vera gjennomgang mellom dette bygget og det eksisterande fysikkbygget, slik at ein etter planen kan få sambruk av areal i desse to bygga og realfagbygget.

Men enn så lenge må altså kjemikarane venta. Masterplanen slår fast at å først rehabilitera realfagbygget med tanke på laboratorieformal og deretter gjera det om til kontor, vil vera både dyrt og uhensiktsmessig.

Årstadvollen og Nygårdshøyden

Masterplanen fokuserer på utvikling av to område; Campus Nygårdshøyden og Campus Årstadvollen. På Årstadvollen er ein allereie i gang med det som har fått namnet byggetrinn to, nemleg rehabilitering av gamle Overlege Danielsens hus.

Det gamle odontologibygget blir rive. Her kjem det eit nybygg på ca 11 000 kvadratmeter. Eit byggetrinn tre ligg òg inne i planen, men det er førebels uavklart. Det er mogleg å bygga eit bygg på om lag 10 000 kvadratmeter i Årstadveien 23, sør for Overlege Danielsens hus.

Eitt av problema med Realfagbygget er laboratoria. Kjemisk institutt har underskot på avtrekksskap. Men instituttet skal etter planen flytta til EnTek-bygget - om nokre år... Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

Dei prioriterte prosjekta

Årstadvollen:
Helseklynge Årstadvollen 1, kostnadsramme 462 millionar
Helseklynge Årstadvollen 2, kostnadsramme 80 millionar
Helseklynge Årstadvollen 3, kostnadsramme førebels uavklart
Nybygg for Griegakademiet, kostnadsramme 550-690 millionar
Inkubatorbygg, kostnadsramme 90 millionar

Nygårdshøyden:
EnTek, kostnadsramme 650-750 millionar
Rehabilitering realfagbygget, kostnadsramme 700-800 millionar
Rehabilitering Kulturhistoriske samlingar, kostnadsramme 300-350 millionar
Magasinbygg, kostnadsramme uavklart
Studentvilla, kostnadsramme 40-50 millionar
Ombygging i Nygårdsgaten 5, kostnadsramme 200-250 millionar
Kontorbygg i Dokkeveien, kostnadsramme 250-300 millionar

Finansieringa av bygga er ulik: Dei største prosjekta prøver ein å få finansiert over statsbudsjettet. Andre bygg er finansiert gjennom eigedomsselskap eller gjennom eiga budsjettramme. Nybygg for Griegakademiet skal finansierast over statens husleigeordning, det vil seia at UiB skal leiga hos Statsbygg.

Kjelde: Masterplanen for areal

Powered by Labrador CMS