– Me misser ei grensesprengande kraft

Publisert

– Sjeldan har eg sett så mykje tverrfaglegheit, sa visedekan Jan Oldervoll i si helsing til Else Mundal. Ho går av som professor i norrøn filologi ved årsskiftet – men heilt pensjonist har ho ikkje tenkt å verta.

Sunnmøre, Oslo eit «kloster» i Italia og eit forskingssenter på Island. Og mest Bergen, sjølvsagt.

Det vert framleis ein del reising sjølv om Else Mundal (68) frå årsskiftet formelt skal kallast pensjonist.

Før helga vart ho feira og heidra av kolleger frå Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium og frå Senter for middelalderstudier. Etter å ha vore tilsett ved UiO i mange år, dei siste ni åra som professor, kom ho til UiB i 1994. Dei første åra var ho professor ved dåverande nordisk institutt, men dei siste ni åra har ho jobba ved Senter for middelalderstudier (CMS).

– Del av verdslitteraturen
Det var då Mundal gjekk på Voss Landsgymnas at interessa for norrønt vart vekt for alvor.

– Eg gjekk norrønlinja der, og me lærte relativt mykje norrønt den gongen, mykje meir enn dei som tek nordisk grunnfag i dag, seier Mundal.

Då ho seinare tok hovudfag, hadde ho nesten berre norrønt i emnekrinsen sin.

– Kva er det som er så fascinerande?

– Det er ein fascinerande kultur – og det er vår eiga fortid. Eg synest det er ein flott litteratur, som er ein del av verdslitteraturen, seier Mundal.

– Ibuande kraft eller evne
Under markeringa i Knut Fægris hus før helga, fekk Mundal festskriftet «Fjǫld veit hon fræða». Sitatet er henta frå Voluspá og tyder «ho har mykje kunnskap».

Visedekan Jan Oldervoll peika i talen sin på at han skulle takka på vegne av fakuletet. Ordet fakultet kan ha fleire tydingar.

– På middelalderlatin tyda det lærarstab, medan det på latin tyder ei ibuande kraft eller evne. Me misser lærarkrefter, men viktigare er det at me misser ei ibuande kraft eller evne. Ei grensesprengande kraft. Og ei raus kraft, sa Oldervoll.

Han peika på at det er stor variasjon i kva Mundal har publisert, med kven ho har publisert og kvar ho har publisert.

– Sjeldan har seg sett så mykje tverrfaglegheit, sa Oldervoll.

Sjølv seier Mundal at åra ved CMS har vore fantastisk interessante.

Her har ho vore leiar av forskingsprosjektet “The Arrival of ̦Writing”, og saman med ei forskargruppe av unge og entusiastiske forskarar frå fleire land og frå ulike fagfelt arbeidd med forholdet mellom munnleg og skriftleg kultur i mellomalderen.

– Ein kan ikkje lesa litteratur frå mellomalderen utan å vita noko om kulturen rundt. Ein må ha interesse for både historie og religion. Difor har nettopp det tverrfaglege miljøet ved senteret vore så givande, seier ho.

Else Mundal har både leilegheit i Oslo og eit gamalt hus på Sunnmøre. Det kjem godt med når ho skal flytta alle bøkene sine. Foto: Hilde Kristin Strand

Det som er verd å fortelja om
I tillegg til forholdet mellom munnleg og skriftleg kultur har Mundal arbeidd med mange andre emne, mellom anna mellomalderkvinnene og korleis dei er skildra.

– Kvinnene rådde i huset, og husfrua var i fleire samanhengar den med nest høgast status i familien. Ein kan ofte sjå at kvinnene stod bak og egga mennene til strid, men kvinnene vart òg tekne med på råd. Det kan ha vore ei kvinnerolle å rangera mennene når det kom til status og ære, og dette gav kvinnene makt.

Islendingesogene skildrar ofte drap og konfliktar. Men samfunnet var ikkje så blodig som kjeldene kan gje inntrykk av, seier Mundal.

– Det er eit norrønt uttrykk, sǫguligt, som på norsk tyder «det som er verd å fortelja om». Og det som er verd å fortelja om, det var feiden med stadige hemndrap. Det er det same som når ein i dag dagleg les om valdtekter og drap i avisene – men alle veit at slike hendingar er relativt sjeldne.

Har sett på samane sin plass
I tillegg til å sjå på kvinnene sin plass i mellomaldersamfunnet, har Mundal studert korleis det samiske folket vert skildra.

– Eg underviste ein periode i Tromsø då universitetet der var nytt. Då var det nokre studentar, som sikkert hatte samiske røter, som spurde meg: «Står det noko om samane?». Og det gjer det. Det står mykje om det samiske folket i norrøne kjelder, seier Mundal.

Ho fortel at det ser ut til å ha vore eit større medvit om at det var to folk i det norske riket. Kjeldene viser at det òg har budd samar i Sør-Noreg.

– Ser ein den same oss mot dei-haldninga ein seinare har sett?

– Det er nok oss og dei. Men det er sjeldan konflikter vert skildra. Samane er framstilt som annleis, med ein annan kultur, men som eit folk som lever i nær kontakt og i fredeleg sameksistent med dei nordiske naboane. Den negative haldninga som kom på 1600- og 1700-talet, og som det er sagt at er knytta til at samane skulle kristnast, finn ein ikkje. Men sanninga er at samane, særleg i Sør-Noreg, langt på veg vart kristna på same tid som resten av innbyggjarane. Men dei levde i ein dobbeltkutlur med sin gamle kultur ved sidan av. «Kristninga» frå 1600-talet og utover retta seg mot den samiske halvdelen i denne dobbeltkulturen. Det var ingen som sa noko om dette før på 1600-talet, seier Mundal.

I Snorre sine fotspor
CMS vert avvikla som Senter for fremragende forskning frå årsskiftet. Difor meiner professoren at det høver godt at ho går over til å verta emerita no. For ho kjem framleis til å vera ein del på UiB, sjølv om ho må pakke ned bøkene sine og flytta til eit mindre kontor.

– Eg har ein del ting eg har lova å gjera, smiler ho.

Som ung student vart ho sendt til Island av læraren sin i islandsk. Ho skulle på sommarkurs, men før kurset sende han henne til stesøster si på ein gard i Borgarfjord. Mundal held framleis kontakten med den islandske familien. No er det dessutan bygd opp eit eige forskingssenter ikkje langt unna, i Reykholt.

– Dette forskingssenteret har avtalar med Universitetet i Bergen. Dette er ein god stad å arbeide som fleire ved UiB burde vere klar over, seier Mundal.

– Det var der Snorre budde, legg ho smilande til.

­

Else Mundal fekk blomar og vakre ord frå fleire. Her er det fakultetsdirektør Trine Moe som overrekkjer blomar. Foto: Hilde Kristin Strand

 

 

 

Powered by Labrador CMS