Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
65 prosent av norske fangar under 25 år manglar heilt vidaregåande opplæring, mange får likevel sitt første positive møte med utdanning under soninga.
Svært mange innsette i norske fengsel nyttar soninga til å utdanne seg. Boka ”Læring bak murane” er redigert av professor i samfunnspsykologi, ved UiB, Terje Manger og seniorrådgjevar Torfinn Langelid og tek for seg ein del område som særmerker pedagogikk retta mot folk som sit i fengsel. Manger har leia ei evaluering av fengselsundervisninga, som kom etter initiativ frå Stortinget og ”Læring bak murane” byggjer på denne. Fengselspedagogikk er i følgje Manger eit uutforska område. Svært mange innsette har i utgangspunktet veldig låg utdanning. 65 prosent av norske fangar under 25 år manglar heilt vidaregåande opplæring. Totalt gjeld dette 49 prosent av alle innsette, medan 11 % av dei innsette på den andre sida har gått på universitet eller høgskule. Innsette sitt utdanningsnivå har auka dei siste tiåra, men samstundes aukar resten av innbyggjarane sitt nivå enda meir, særleg innanfor høgare utdanning. Forskarane peikar også på at opplæringstilbodet til kvinner og innsette med utanlandsk bakgrunn er for dårleg.
Manger har saman med Ole-Johan Eikeland også gjennomført den første norske kartlegginga av alle innsette sin utdanningsbakgrunn og deira utdanningsønske. Ein del resultat frå denne undersøkinga inngår også i boka.
Lærevanskar
– Evalueringa av norsk fengselsundervisning er eit pionerarbeid, men aktualiserer også behovet for meir forsking, blant anna knytt til dei lærevanskane mange innsette slit med. I vår eiga kartlegging oppgir 30 prosent av dei innsette at dei har litt eller mykje lese- eller skrivevanskar. Nær 40 prosent rapporterer at dei har tilsvarande grad av rekne- eller matematikkvanskar, seier Manger.
Manger viser også til ei doktoravhandling frå NTNU at 30 prosent av dei innsette i Trondheim fengsel har AD/HD. Dei innsette har også store rusproblem og mange lid av til dømes depresjon og angst.
– På den andre sida ser disiplinproblem ut til å vera eit mindre problem i skulen i fengsel enn i skulen elles. Dette kjem kanskje av at skulen av dei innsette blir opplevd som eit humant og alminneleg system i eit elles straffande og avvikande system. For mange innsette representerer også fengselsopphaldet eit avbrekk frå rus og ruspress, noko som opnar for at dei kan bruka tida til andre ting, slik som utdanning.
- Opphaldet i fengsel kan i tillegg få dei innsette til å sjå skule og utdanning i eit heilt anna lys enn før. Difor er det heilt avgjerande at alle fengsel har eit variert opplæringstilbod, som kan imøtekoma den motivasjonen for endring i positiv lei som svært ofte oppstår hos dei innsette
To stiar til kriminalitet
I boka bidreg Manger med eit kapittel der han ser på årsakene til kriminalitet Med henvising til internasjonal utviklingspsykologisk litteratur. Denne litteraturen viser at det hovudsakleg er to “stiar” til utvikling av kriminalitet. Den eine er “tidlegstartarane”. Desse er born, nesten alltid gutar, som frå tidleg barndom har hatt store, samansette vanskar. “Seinstartarane” derimot, er unge med ein tilnærma normal barndom, mest gutar men også ein del jenter, som under påverknad frå andre viser antisosial åtferd og har gjort fleire og fleire brotsverk.
– Dette er unge som har utvikla meir “normal” åtferd og fullført mykje meir skulegang enn den andre gruppa. Difor er prognosen deira betre for eit seinare kriminalitetsfritt liv, men på grunn av den lange modningstida mellom barndom og vaksen vi har no ser det likevel ut som om seinstartarane risikerer å gå i fleire “feller” enn berre for 20-30 år sidan.
God samfunnsøkonomi
– I Noreg er opplæringstilboda i fengselet av dei beste i Europa. Evalueringa av fengselsundervisninga viser imidlertid at oppfølgingsarbeidet slik det fungerer no er for dårleg koordinert og for dårleg eigna til å sikra flest mogleg av dei tidlegare innsette eit kriminalitetsfritt liv.
Manger seier at mykje talar for at samfunnet bør investere i utdanning i fengselet. Evalueringa av fengselsundervisninga og ei fersk doktoravhandling frå Irland viser at mange av dei tradisjonelle skuletaparane får eit anna og meir positivt syn på skule- og utdanning under soning. Og ein forskingsrapport fraa socialstyrelsen i Sverige viser følgjande: For kvar krone som satsast i oppfølging av dei innsette for samfunnet tilbake mellom 10 og 18 kroner.
Fengselsundervisninga må utvidast
– Vår eiga kartlegging av alle innsette viser at ein femdel har vakse opp i eit anna land enn Noreg. Den forskingsmessige evalueringa viser at innsette med minoritetsspråkleg bakgrunn set stor pris på å få ta utdanning i fengsel. Evalueringa er likevel klar på følgjande område: Norskundervisninga må styrkjast. Engelskopplæringa må også betrast.
- Fengselsundervisninga gir opplæringstilbod på grunnskule- og vidaregåande nivå. Fengslet gir ikkje opplæring på universitets- og høgskulenivå, men i og med at fleire og fleire innsette allereie har studiekompetanse eller har starta høgare utdanning, blir det svært viktig at fengslet legg til rette for vidare studier i fengsel, avsluttar Manger.