Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dei neste tolv dagane står i den klassiske tradisjonen sitt teikn. Publikum vert mellom anna invitert med heim til familien Bach.
– Eg trur det vert eit morosamt program der ein treffer herr Bach sjølv, i ei upretensiøs form. Det seier professor Frode Thorsen, som er instituttleiar ved Griegakademiet. Han er primus motor for Holbergdagane, som startar i morgon. Kona sine notar – Programmet som vert spelt på denne konserten, skal seinare verta gitt ut på CD, seier Thorsen. Formålet med Holbergdagane er å fokusera på den klassiske tradisjonen. – Det skal vera noko både for lek og lærd, seier Thorsen. – Me har to målgrupper. Den eine er eit allment publikum, den andre er forskarar og studentar. Konsertane har nok størst allmenn interesse, legg han til. Ibsen i to dagar Holbergdagane er eit tverrfagleg samarbeid. I år er det tre større forskingsprosjekt som er i fokus. – Det eine er det store Holberg-prosjektet. Det andre er Ibsens skrifter, som kom ut i fjor. Det tredje er Norsk musikkarv, fortel Thorsen. Alle desse tre prosjekta vert presentert over to dagar, med innlegg av mange ulike forskarar.
Eit av arrangementa Thorsen vil trekkja fram frå årets program, er altså «hjemme hos familien Bach». Det er Bergen Barokk som har sett nærare på Johann Sebastian si andre kone, Anna Magdalena Bach, hans notebok og på annan meir ukjent musikk som var i bruk i Bach-familien. Arrangementet er på Bymuseet – sjølvsagt på Holbergmuseet.
Konsertane, der ein i år mellom anna får høyra musikk av Beethoven, Telemann, Grieg og Tveitt, er det i hovudsak dei tilsette ved Griegakademiet og deira internasjonale nettverk som står for. Men studentane er òg med, dei skal mellom anna ha «Vorspiel med tidligmusikk» allereie i morgon.