Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Gjennomsnittleg vert ei kvinne drepe kvar sjette veke av partnaren eller tidlegare partnar i Noreg. Psykologistipendiatar ved UiB blei nyleg kursa i å plukka ut moglege konemorderar.
I forhold til folketalet ligg Noreg i Europatoppen når det gjeld kvinner som blir offer for partnerrelaterte drap. Nylig blei psykologistipendiatar ved UiB kursa for å plukke ut moglege drapsmenn. – Med psykologar som er betre trena i risikovurdering kan vi få bukt med statistikken, meiner professor i kriminologi, Henrik Belfrage ved Mittuniversitetet i Sverige. Han kursa nyleg psykologistipendiatar ved UiB i risikobedømming av valdsforbrytarar og forfølgjarar Belfrage har mellom anna videreutvikla den canadiske trusselvurderingsmetoden Spousal Assault Risk Assessment Guide (SARA) som blir benytta av svensk politi og sosialtjeneste. Politidistrikta i Oslo og Vestfold har prøvd ut metoden i eit pilotprosjekt. – Det er likevel ikkje psykopatane som utøver mest dødeleg vald, det er snarare den deprimerte, middelaldrande mannen som kanskje har borderlinetrekk, seier han. Til sengs med psykopaten Belfrage fortel om valdsdømde psykopatar som får ei rekke med kvinner som kjem og besøker dei i fengselet. Psykologane kan også vere utsette for denne heilt spesielle evna dei har, og i Sverige har dei hatt fleire tilfelle der kvinnelege psykologar har vorte gravide med psykopaten dei skal vurdere, fortel han. – Vi hadde nettopp eit tilfelle der den kvinnelege psykologen forlèt mann og barn til fordel for ein psykopat som hadde drepe ei 89 år gammal dame, og det etter ho hadde møtt han berre ein gong, fortel Belfrage. Artikkelen held fram under biletet. – Dette er eit seriøst brot på menneskerettane som vi må stå opp mot, seier Belfrage. Kriminologen har møtt dei fleste æresmordarane i Sverige, og kan fastslå at dei vanlege risikoinstrumenta ikkje kan brukast på denne gruppa forbrytarar. Ein vanleg valdsforbrytar har personlegdomsforstyrring, har tidlegare utført vald, lever eit antisosialt liv og han brukar ofte rus, men ingen av desse trekka finn ein ved æreskriminelle, fortel han. Det som i staden er tilfelle her er ei subkulturell oppfatning av makt og ære i familiære relasjonar, forklarar Belfrage. – Det er veldig vanskeleg og veldig annleis å arbeide med æresforbrytarane. Det er det mest kompliserte eg veit, seier han. Artikkelen held fram under biletet. Henrik Belfrage har forska på bedømming av overfallspersonar og forfølgjarar i tjue år, og har risikovurdert over 600 tilfelle ved svenske fengsel. Noko av det han formidla på kurset for UiB-stipendiatane er korleis dei ulike gruppene treng ulike behandlingar. Internett-forfølging -I Sverige har vi no derfor gått ifrå termen besøksforbod og heller oppretta ei lov om kontaktforbod, som då inkluderer mellom anna internett-forfølging, fortel Henrik Belfrage.
Midtlivskrise
Det er ei svært mangfaldig gruppe som gjer seg skuldig i partnarvald, men den mest gjennomgåande utøvaren av vald mot partar er ein som har psykopatiske drag, ifølgje Belfrage.
Dei gjerningspersonane som er psykisk sjuke og som hamnar innan rettspsykiatrien er som oftast folk som har få eller ingen nære relasjonar, medan dei som har psykopatiske trekk har ei spesiell evne til å knytte relasjonar.
Belfrage innlemmer også risikobedømming av æreskriminelle i kurset. Mange jenter både i Sverige og Noreg lever med frykta for å bli bortgifta og å ikkje sjølv få velje kven dei skal dele livet med.
Belfrage seier det har vorte anslått at så mykje som ti til femten prosent av befolkninga blir utsett for forfølging ein eller anna gong i løpet av livet, og det er særskild kvinner som er utsette. I den digitale tidsalderen har kanalane for forfølging vorte fleire, og her har ikkje lovene hengt heilt med i dei siste åra. Til dømes kan også internett-trakassering vere forfølging om det skjer gjentekne gonger, forklarar han, men fram til no har ikkje denne typen forfølging blitt dekka av lova.