Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Vedtaket om at ein skal gå inn for sju storinstitutt vart gjort på fakultetsstyremøte på Med.fak onsdag 25.09. Vedtaket var einstemmig.
– Breiare semje enn dette får du ikkje, seier dekanus ved Med.fak. Rolf Reed som er nøgd med at alle i styret er positive til omstillinga på fakultetet .
Det medisinske fakultet får eitt preklinisk institutt, eitt institutt for medisinsk mikrobiologi og patologi, eitt institutt for samfunnsmedisinske fag, eitt institutt for indremedisin, eitt institutt for kirurgiske fag, eitt institutt for klinisk medisin og molekylærmedisin. Inntil nærare avklaring vil Psykiatrisk institutt bestå som eige institutt. Senter for internasjonal helse og Institutt for farmakologi avventar også nærmare avklaring på si organisatoriske tilknyting.
Reed meiner at større institutt tyder effektivisering og spart tidsbruk gjennom færre møte og administrative gjeremål for det vitskaplege personalet. Dette kan heller kanaliserast inn i meir tid til forsking og undervisning. Strukturen ved fakultetet blir forenkla og institutta vil ha større rådvelde over eigne ressurser.
Fakultetsdirektør ved Med.fak. Johs. Teigland meiner det er grunn til å tru at større institutteiningar vil gje fleire faglege kontaktpunkt og høve til utvikling enn dagens struktur, samtidig som eventuelle vinstar av fagleg eller administrativ art bør behaldast ved storinstituttet.
– Det er viktig at fakultetet tilpassar organisasjonen til utviklinga ved Universitetet generelt og ved Haukeland universitetssykehus. Fakultetet og institutta har i lengre tid alvorleg vurdert om noverande organisering og struktur er tilpassa tidas krav og den utviklinga ein ser framover vedrørande finansiering og organisering av forskinga, seier Teigland.