Med.fak. manglar instituttstyrarar

Publisert

På Medisinsk fakultet er to av seks storinstitutt utan søkjarar til stilling som instituttstyrar etter at søknadsfristen har gått ut.
– Stillingane må gjerast meir interessante og innhaldsrike, seier prodekanus Per Omvik og fakultetsdirektør Johs Teigland.

Institutt for samfunnsmedisin og Institutt for kirurgiske fag står framleis utan søkjarar. I eit møte mellom leinga ved UiB og leiinga ved det medisinske fakultetet vart nyleg saka diskutert. Fakultetsdirektør ved Med.fak, Johs. Teigland, var til stades på møtet og seier at alle partar prøver å finne løysingar som kan gjere stillingane meir attraktive. Konklusjonen er at ein skal ha ein samla gjennomgang av ressurssituasjonen og mandatet for dei nye styrarane.

Støtte til forsking

Prodekan ved Med.fak, Per Omvik, seier at det er to ting som primært kan gjere stillingane meir interessante.

– Økonomi er heilt klart ein faktor. Ein annan ting, som det er vanskeleg å gjere noko med er at institutta er blitt svært store som følgje av instituttsamanslåingar. No har vi berre 6-7 institutt, mot 18 for nokre år sidan, og enda lenger tilbake hadde vi over 30.

Dei som skal påta seg jobben som styrar får mykje større arbeidsbyrde enn før. Mange er redde for at det går ut over eiga forsking, seier Omvik. Han trur dette er ei reell frykt, og at det derfor er ei løysing at ein støttar ved å knytte opp t.d. ein post.doc, stipendiat eller forskingsteknikar som styraren kan ha som forskingspartnar.


Eiga forsking sentralt

Ifølgje Per Omvik er UiB-ledelsen ikkje negative til å ta i bruk særskilte verkemiddel for få fleire søkjarar. Noko av det viktigaste trur Omvik er at ein må imøtekomme ønsket om å drive eigen forsking medan ein er leiar.

- Det er trass alt ein midlertidig stilling og ein må gjere alt for å unngå at folk tar på seg instituttleiarfunksjonen mot eige ønske.

Dette er Johs. Teigland samd i.

– Vi må ha eit innhald i stillinga som gjev styringsmuligheit og grunnlag for å tiltrekke seg dyktige og motiverte folk. Her er ressurssituasjonen eit svært viktig moment, seier Teigland.

No skal dei som har søkt på dei øvrige instituttstyrarstillingane på Med.fak intervjuast med tanke på tilsetting før sommaren. Deretter vil det snarast råd bli ny utlysing for stillingane som manglar søkjarar. Som kjent er 1.august datoen da dei nytilsette instituttstyrarane skal begynne.

Powered by Labrador CMS