Medisin og odontologi kan bli eitt

Publisert

Eit mogleg, framtidig helsefakultet ved UiB er for tida under utgreiing. Fredag vart saka diskutert på eit allmøte på Odontologisk fakultet.

Spørsmålet om å etablere eit ”helsefakultet” gjennom å slå saman det medisinske, odontologiske og psykologiske fakultetet, har vore reist ved fleire høve. For fem år sidan vedtok Kollegiet å utreie ei samanslåing av Det medisinske og odontologiske fakultet, som ein start på eit mogleg helsefakultet. Prosessen rant den gongen ut i sanden, mellom anna fordi fakulteta prioriterte omfattande arbeid med nye studieplanar. I fjor haust dukka saka opp att i samband med diskusjonen kring styreform og organisering ved UiB. No skal ei mogleg samanslåing av dei to same fakulteta utgreiast, og leggast fram for universitetsstyret i løpet av våren. Det psykologiske fakultet representerer ei større fagleg breidde, og vil bli meir komplisert å inkludere i ei samanslåing. Det er difor ikkje aktuelt førebels.

Dette var i korte drag den bakgrunnen dekanus ved Det odontologiske fakultetet, Magne Raadal, presenterte for eit fullsett auditorium under allmøtet på fakultetet fredag 4. februar.

Kan bli marginalisert

– Dei faglege grunnane for samanslåing av Det odontologiske og Det medisinske fakultetet er uforandra. For utanforståande vil det verke naturleg at dei høyrer inn under same fakultet. Dette, saman med vurderingane kring organiseringa generelt, og spesielt reorganiseringa på medisin, gjer at vi no reiser saka på nytt, sa universitetsdirektør Kåre Rommetveit, som deltok på møtet for å leggje fram universitetsleiinga sitt syn på saka.

Dekanus Raadal gjekk deretter gjennom ein del argument for og imot ei samanslåing, og gjorde greie for si meining i spørsmålet.

– Dei faglege omsyna må vere overordna. Oral helse er ein del av den generelle helsa. Ved å slå saman fakulteta, kan vi oppnå å bli meir medvitne om det. Men vi må også ta høgde for at odontologi kan bli marginalisert i ein slik situasjon, spesielt i eit resultatbasert finansieringssystem som det vi no har, sa Raadal, som likevel ikkje la skjul på at han ønskjer ei samanslåing.

Også dekanus Nils Erik Gilhus ved Det medisinske fakultet stilte seg positiv til å slå saman fakulteta.


Strid om klinikken

Det odontologiske fakultet er sett saman av to grunneiningar: Odontologisk institutt og odontologisk klinikk. Kva som skal skje med klinikken, er eit kjernepunkt i diskusjonen kring samanslåing av fakulteta. Gilhus vedgjekk at medfak er lite viljug til å ta på seg driftsansvar for ein odontologisk klinikk, av frykt for at det vil ta ressursar vekk frå forsking og undervising.

– For oss fungerer det veldig bra å ha eit universitetssjukehus som blir drive av helseføretaket, parallelt med aktiviteten ved fakultetet. På den måten kan vi bruke sjukehuset i undervising, men utan å ha driftsansvaret, meinte han.

Fleire moglege løysingar har vore lansert. Klinikken kan til dømes innlemmast i helseføretaket, organiserast som eit eige senter under UiB, som eit aksjeselskap eigd ev Unifob, eller overførast til Den offentlege tannhelsetenesta. Alle løysingane inneber at klinikken blir skilt ut frå eit eventuelt helsefakultet. Ikkje alle meinte at det er ei god løysing.


Undervising viktigast

– Klinikken er ikkje først og fremst til for å drive pasientbehandling, men undervising. Det tyder at han kanskje ikkje blir drive optimalt, fordi studentar arbeider mindre effektivt enn profesjonelle, og fordi det går mykje ressursar til folk som kan undervise. Drifta kostar mykje, og kastar ikkje noko av seg. Ein bør heller kjempe for å få ein odontologisk universitetsklinikk som gjer nytte av den spisskompetansen vi har, til dømes på leppe- og ganespalte, framfor å leggje han inn under den offentlege tannhelsetenesta, som representerer eit anna nivå, meinte ein av dei frammøtte.

Universitetsdirektøren meinte at spørsmålet om organiseringa av klinikken ikkje bør få for mykje merksemd på dette stadiet, utover at folk må få høve til å kome med synspunkt.

– Ulike løysingar har vore framme, men her vil det i alle høve vere kontinuerleg vurdering. Alle slike konkrete problem må finne ei løysing undervegs i prosessen, sa han.

Powered by Labrador CMS