Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Juss-dekan Asbjørn Strandbakken meiner at det er for strengt å stengja studentar som er tatt med ulovlege hjelpemiddel under eksamen ute i eit semester.
Dekan Asbjørn Strandbakken meiner at studentane vert for hardt straffa. Foto: Dag Hellesund Post it-lappar med notatar. Lærebok, mobiltelefon. Tidlegare eksamensoppgåver og pensumrelaterte notatar. Lista over kva hjelpemiddel jusstudentar har teke med seg til eksamen – og har vorte tekne med – er lang. Sakene hamnar hos Den sentrale klagenemnda, og konklusjonen er stort sett den same: Annullering av eksamen og utestenging i eitt semester. Men Asbjørn Strandbakken, dekan ved Det juridiske fakultetet, meiner sanksjonane er for strenge. – Eg synest det er for strengt å stenga studentane ute, seier Strandbakken. – Tekstsamanfall er noko anna – Saker om tekstsamanfall er ein annan kategori. Ein må sjå på kva einskild sak. Men i saker der det er nær hundre prosent tekstsamanfall, eller der teksten er sterkt prega av tekstsamanfall og hensikta truleg er fusk, meiner eg at å verta stengt ute eit semester kan vera ein grei sanksjon, seier Strandbakken. Han seier at han trur at mange av sakene der det vert funne hjelpemiddel på pulten skuldast at studenten har vore uaktsom. – Eg meiner at i nokre av sakene, til dømes når ein finn ein jukselapp, kan ein vurdera utestenging. Men slik det er i dag, vert det gitt same straff i saker der mobilen er gløymt att mitt på pulten og der ein finn grove fuskelappar. Angrar ikkje – Angrar de? – Nei, det gjer me ikkje. Tidlegare var oppfattinga at slike saker ikkje var omfatta av regelverket, men ei sak som var oppe i Felles klagenemnd viste at det er dei, seier Strandbakken. Han meiner at dersom UiB ikkje hadde moglegheiter til å sanksjonera, kunne studentane sabotera bokkontrollen. – Eg meiner at annullering av eksamen er ei god løysing. Den einaste konsekvensen det får, er at studentane må ta ein eksamen ekstra neste semester, og dei misser ein sjanse til å ta oppatt eksamen for å få betre karakter. Men studiet er lagt opp slik at ein kan halda fram sjølv om ein manglar ein eksamen, seier Strandbakken. Ønskjer seg meir nyansert system – Fakultetet har ikkje noko sanksjonsmyndigheit, så det er klagenemnda som må gå i dialog med seg sjølve. Førebels har me stilt slike saker i bero, seier Strandbakken. Han håpar på eit meir nyansert system der berre dei grove sakene fører til at studentane vert stengt ute. På Høyden har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå klagenemnda.
Dekanen understrekar at det er skilnad mellom saker om tekstsamanfall og saker om ulovlege hjelpemiddel. I den siste kategorien er regelen at studentane skal legga att det dei har lov til å ha på pulten under eksamen før dei sjølve går ut frå lokalet.
Fakultetsleiinga tok sjølve kontakt med klagenemnda for å få dei til å sjå på saker som handlar om ulovlege hjelpemiddel.
Inntil vidare sender ikkje fakultetet saker om ulovlege hjelpemiddel over til klagenemnda.