Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Sjølv om karakterboka viste berre toppkarakterar, vart musikkterapi-prosjektet kasta ut etter første runde. – Fagkomiteen sine kommentarar ser ut til å byggja på generelle fordommar mot musikkterapi, meiner professor Brynjulf Stige.
Korleis og kvifor skaper musikk endring? Det var problemstillinga Gamut (Griegakademiets senter for musikkterapiforskning) presenterte i søknaden om å verta Senter for framifrå forsking (SFF), med ambisjonar om avanserte empiriske undersøkingar og tverrfagleg teoriutvikling. Med på laget var forskarar frå både Det psykologiske og Det medisinsk-odontologiske fakultet. – Me er stolte av å vera knytta til humaniora. Men samstundes ønskjer me fagleg dialog og å vera med på å byggja opp ein tverrfagleg forskingstradisjon, seier Brynjulf Stige. Han er forskingsleiar og professor ved Griegakademiet. Det internasjonale panelet som skulle gi karakter til dei ulike prosjekta, var samde: Dette var spanande. – Me fekk toppskår på alle punkt, seier Stige. – Det tek me sjølvsagt med oss vidare. For mykje medisin – Me fekk beskjed om at me hadde lagt for mykje vekt på medisin og nevrovitskap, og òg for mykje vekt på eit individorientert perspektiv. Det er vondt for meg å forstå at rådet har lese søknaden når ein seier dette, og vurderinga kan ikkje byggja på kjennskap til fagfelt og fagmiljø, seier Stige. Han seier at Gamut hadde rekna med å gå til andre runde. – Så er me sjølvsagt kjent med at mange gode søkjarar ikkje kom til å gå vidare derifrå. – Men de klaga ikkje? – Nei, det er vanskeleg når me ikkje kom vidare til andre runde. Me såg ikkje at det var noko formelt grunnlag å klaga på. Me utviklar visjonane våre og søkjer andre forskingsmidlar, seier Stige. Han spør om kva grep vert tatt for å sikra gode prosedyrar for evaluering av eit prosjekt som er tverrfagleg utover samansetninga i fagkomiteen for humaniora/samfunnsfag, og om kva som er prosedyrane for kvalitetssikring i dei tilfella der Forskingsrådet finn grunnar til å overprøva det internasjonale ekspertpanelet. Stiller spørsmål ved humaniora sin plass Stige stiller to spørsmål: – Ønskjer Forskingsrådet tverrfaglege prosjekt? Og reflekterer handsaminga me fekk humaniora sin plass? Han spør òg om rammene for humaniora er for snevre. – Dersom ein tenkjer humaniora på tradisjonelt vis, er musikkterapi kanskje litt på sidelinja. Men dersom ein tenkjer humaniora i samfunnet, i dialog med andre, er faget midt i blinken, meiner professoren. Han seier at Gamut på førehand hadde vorte åtvara om at søknaden dei sendte til Forskingsrådet kanskje var for vid. Svaret dei fekk, var at han skulle vore vidare. – Me fekk kritikk for å ikkje ha lagt opp til å forska på negative sider ved musikk, til dømes musikk brukt ved tortur. Eg har to kommentarar: Dersom ein meiner at me ikkje har lagt inn kritiske perspektiv i prosjektet, har ein ikkje lese søknaden. Og dersom ein meiner at dette prosjektet òg skulle ha sett på musikk brukt under tortur, så kvifor ikkje samstundes forska på positive og negative effektar av heismusikk, kjøpesentermusikk, dataspelmusikk og filmmusikk – og ikkje minst musikk brukt i krigføring, seier Stige. – Det heile vert grenselaust. Stige samanliknar med biologi, som kan brukast både positivt og negativt. – Men alle biologiprosjekt kan likevel ikkje fokusera på biologisk krigføring. Musikkterapi er eit ungt fag. Biletet er frå undervisning av 1-årsstudentar. Studiet er eit femårig masterprogram. Foto: Hilde Kristin Strand Nytt fag – Når eg ser dette avslaget, er eg uroa for Forskingsrådet si evne og vilje til å gi nye fagområde ei anstendig handsaming, seier Stige. Til no er det to som har disputert ved Gamut, og fleire stipendiatar er no i gang med sine prosjekt. Men sidan faget er så ungt, ville forskingsleiaren gjerne hatt pengar til fleire stipendiatar. – UiB har ordningar for dei som nesten nådde opp, til dømes får Arild Linneberg no eit minisenter etter at hans prosjekt ikkje fekk SFF-status. Men sidan me rauk ut i første runde, er det ingenting slikt for oss, seier Stige. – Det er på ein måte forståeleg, reint formelt. Samstundes er det dobbelt urimeleg at me rauk ut i første runde, når me altså fekk topp evaluering av det internasjonale ekspertpanelet. – Rar og dårleg grunngiving Han meiner eit overordna spørsmål er kva Forskingsrådet gjer når dei får inn så tverrfaglege prosjekt som dette. – Ein burde sett at det her er klare helsefaglege aspekt, og søknaden burde vorte vurdert av to komitear, meiner Kristoffersen. – Sett i lys av kritikken som har kome, er det mykje som tyder på at forståinga av musikkterapi som fag ikkje har vore god nok, legg han til. Skuffa og frusterert – Når Forskingsrådet legg til grunn subjektive vurderingar frå ein fagkomité som openbert ikkje har den innsikta i det tverrfaglege grunnlaget for søkanden som ein må kunne venta, har dei lagt inn kriterium som ikkje er objektive. Dette vert problematisk når ein hevdar at det ein er ute etter er kvalitet og berre det, seier han. Musikkterapi får ei ny stilling i bemanningsplanen fakultetsstyret vedtok før jul. – Me veit at det er eit svært aktivt og dynamisk miljø som vil koma sterkare tilbake. Når det gjeld minisenter, av typen Linneberg får støtte til, følgjer UiB det prinsippet at berre dei som går til finalen får slik støtte, seier Kristoffersen.
Men draumen om å verta SFF, og slik òg mellom anna få pengar til fleire stipendiatar, stoppa likevel der. Forskingsrådet sitt eige råd, som skulle ta stilling til kva søknader som skulle gå vidare til andre runde, sa nei.
Både På Høyden, Uniforum og Forskerforum har teke opp prinsipielle spørsmål etter at siste SFF-tildeling var klar.
Musikkterapi som fag har røter tilbake til USA på 1940-talet. I Noreg vart det oppretta studium i musikkterapi i Oslo i 1978, og utdanninga ved UiB har røter tilbake til 1988 – den gongen som vidareutdanningstilbod ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
– Gamut fekk ei rar og dårleg grunngiving for avslaget. Hadde liknande argument vorte brukt om realfag, hadde det vorte oppstyr, meiner Gjert Kristoffersen, som er dekan ved Det humanistiske fakultet.
Kristoffersen seier at han vart både skuffa og frustrert då beskjeden om at Gamut ikkje gjekk vidare kom.