Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det kan ikkje visast til nokon klar samanheng mellom forskinga på narkomane og dødsfall blant forsøkspersonane i denne perioden, konkluderer Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk Sør-Aust i ein ny gjennomgang av si eiga sakshandsaming av 11 ulike rusforskingsprosjekt. Det skriv Uniforum, Universitetet i Oslo si nettavis.
Det kan ikkje visast til nokon klar samanheng mellom forskinga på narkomane og dødsfall blant forsøkspersonane i denne perioden, konkluderer Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk Sør-Aust i ein ny gjennomgang av si eiga sakshandsaming av 11 ulike rusforskingsprosjekt. Det skriv Uniforum, Universitetet i Oslo si nettavis. Arbeidsgruppa komiteen sette ned, slår fast at det i hovudsak var ei forsvarleg forskingsetisk handsaming i komiteen då desse 11 ulike prosjekta først var oppe til vurdering. Den slår også fast at påstanden i media om at det var ein samanheng mellom prosjekta og fleire etterfylgjande dødsfall, ikkje stemmer. Den viser til at i fleire av prosjekta er slik risiko vurdert, men den ser heller ut til å vera lågare enn høgare for forsøksgruppa. Sjølv om det ikkje er funne ein slik samanheng, meiner utvalet likevel at det er ei påminning til komiteen om å sjå til at søknaden inneheld ei fullgod risikovurdering.