Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
- Eg vil snakke i store bokstavar. Det gjer eg fordi eg synes tida er komen til det no. Det er nemleg ikkje det juridisk-økonomiske filigransarbeidet i innstillinga som er interessant, men dei fundamentale, vesensforskjellige verdiar fraksjonane står for - og effektuerer, sa professor Narve Bjørgo i sitt innlegg på det forskingspolitiske seminaret i Oslo denne veka.
Det forskingspolitiske seminaret 18. november, i regi av Forskerforbundet, samla meir enn 300 deltakarar til debatt om mellom anna Ryssdalutvalet si innstilling. Tittelen på seminaret var ”Harmonisering = privatisering?” og her hadde både politikarar og forskarar innlegg om dei utfordringane som høgere utdanning og forsking står ovanfor. Frå Universitetet i Bergen kom rektor Kirsti Koch Christensen og professor ved Historisk institutt, Narve Bjørgo, som også er styreleiar i NOKUT (Nasjonalt organ for utdanningskvalitet).
Rektor tok utgangspunkt i biletet av eit ”kattespann” i sitt innlegg om universitetene sin styringsform.
- Då kollega Arild Underdal vart valt til rektor for to år sidan, uttalte han mellom anna at det å leie eit universitet er noko anna enn å leie ei militær avdeling. Det er, sa han, snarare som å leie ein flokk katter - som jo ikkje ber preg av nokon utprega hang eller evne til disiplinert og felles framferd. Dette er eit synspunkt som eit samla Ryssdalutval ganske sikkert vil kunne stille seg bak. Men eitt av dei sentrale punkta der fleirtalet og mindretalet skil lag, gjeld kattane si evne til sjølv å leie verksemden, sa rektor, som elles kritiserte begge fraksjonene for å treffe slutningar på eit heller spinkelt empirisk grunnlag.
Medan rektor ikkje ville seie så mykje om si eiga oppfatning, kom Narve Bjørgo med krass kritikk mot forslaget til fleirtalet om fristilling av institusjonane.
- Forsøk på rettsleg frikobling mellom institusjon og stat går ned i sjølve det akademiske grunnfjellet. Dessutan: Spørsmålet inngår i røynda i eit langt vidare allmennpolitisk perspektiv, nemleg kampen om grenselinja mellom det offentlege og private rom i norsk politikk og norsk samfunnsliv. Vi er vitne til ei faktisk nedbygging av staten, og til ei innsnevring av offentleg politikk. Spørsmålet om rettsleg fristilling er derfor langt meir eit spørsmål om politikk enn om jus, opplevt som eit spørsmål om fellesskap versus individualisering, sa Bjørgo i siit innlegg som han hadde kalla “Nasjonalbygging – nasjonal styring – tilknytningsform”.
Statsråd Kristin Clemet la i sitt innlegg mellom anna vekt på den positive utviklinga som ho meiner norsk forsking no er inne i. I følgje Norges forskingsråd vil ein samla norsk forskingsinnsats kunne kome opp i to prosent av BNP i 2004.
Clemet opplyste om at Regjeringa vil leggje fram ein stortingsmelding om forsking våren 2005. Meldinga skal ha eit heilskapleg perspektiv, gjennomgå status og peike på mål og prioriteringar i forskingspolitikken.
– I den nye forskingsmeldinga vil Regjeringa fastsette eit nytt ambisjonsmål for Noregs FoU-innsats. I den samanheng må vi sjå på den internasjonale utviklinga. EU-landa har vedteke å auke forskingsinnsatsen til tre prosent av BNP innan 2010. Dette er opplagt ei målsetting som ein må vurdere, sa Kristin Clemet.