Meir forsking om klimatilpassing

Dersom samfunnet skal bu seg på klimaendringane, må det satsast mykje meir på forsking. Mandag kom innstillinga frå utvalet som har som har stått for utgreiing av samfunnet si sårbarheit for endringar i klimaet og kva som skal til for å tilpasse seg konsekvensane.

Dersom samfunnet skal bu seg på klimaendringane, må det satsast mykje meir på forsking. Mandag kom innstillinga frå utvalet som har som har stått for utgreiing av samfunnet si sårbarheit for endringar i klimaet og kva som skal til for å tilpasse seg konsekvensane.

– Denne utgreiinga er ei stadfesting av Klima 21-strategien som vart overlevert til regjeringa i februar. NOUen underbygger på ein tydeleg måte dei forskingsbehova og det behovet for finansiering av klimaforskning som denne strategien legg opp til, seier administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet ifølge nettstaden deira.

Hallén peikar på at forsking som stør opp om samfunnsplanlegging, og særleg forsking på risiko og sumfunnssikring, har vore underfinansiert dei seinare åra.

Utvalet kjem med konkrete framlegg til forskingstema på mange punkt, og meiner det er behov for å prioritere forsking på klimasystemet, konsekvensar og tilpassing i stor breidd. Behovet for eit jamleg oppdatert kunnskapsgrunnlag under stabile vilkår tilseier at det ikkje er tilstrekkeleg med løyvingar gjennom forskingsprogram og -prosjekt som har kort tidshorisont. Utvalet sluttar seg difor til Klima21 sine forslag om etablering av store langsiktige forskingsprogram på klimasystemet, konsekvensar og tilpassing.

– Eg vil igjen peike på at klimaforskinga ikkje har fått den veksten som vart lova i Klimaforliket, seier Arvid Hallén. - For Forskingsrådet står det høgt på agendaen å få til ei styrking av klimaforskinga – både forsking på klimasystem, konsekvensar og tilpassing.

 

Powered by Labrador CMS