Meir pengar til tillitsvalde

Forskarforbundet ved UiB vert styrka i neste års budsjett.

Universitetsstyret vedtok i går å løyve meir pengar til tillitsvalde. Midla gjev Forskarforbundet høve til å ha to tillitsvalde ved UiB, mot eit og eit halvt årsverk i dag. 

 Universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken understreka at dei ynskte å styrke finansieringa for Forskarforbundet ved UiB:
– Vi ynskjer å ha eit godt samspel med dei tillitsvalde. Forskarforbundet har no fått høve til å ha to heiltidstilsette i ramma si.

– Dette treng vi
Bjarne Meidell, hovudtillitsvalt i Forskarforbundet ved UiB, fortel at dei alt har utvida verksemda.

– Vi er over 1 100 medlemmar, så det er meir enn nok å henge fingrane i. Personalsaker tek mykje tid, og det er viktig å ha mest mulig trøkk på lønnsoppgjeret. Dette halve årsverket trengst. Eg går av med pensjon snart, og vi trong ein som kunne gå inn med en gong. Difor har vi alt tilsett ein person i denne halve stillinga, seier han til På Høyden.

I budsjettet som vart vedteke på styremøtet går det fram at tillitsvalde får 700 000 kroner meir i 2013. I år mottek tillitsvalde 5 300 000. Neste år vil den samla summen vere 6 000 000. 

 

Powered by Labrador CMS