Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Noregs forskingsråd har delt ut nye millionar til petroleumsforsking, og UiB har forsynt seg godt av kakefatet.
I midten av mai vart det avgjort kva for prosjekt som fekk støtte i den så langt siste tildelingsrunden frå Petromaks, eitt av Forskingsrådet sine ”store program”. Frå 2005 er den offentleg finansierte petroleumsforskinga hovudsakleg finansiert gjennom dette programmet. Fem prosjekt på lista er heilt eller delvis tilknytt UiB. Prosjektet skal gå frå 2005 til 2010, og har i denne perioden eit budsjett på 22 millionar kroner, der 17,4 kjem frå Forskingsrådet og det resterande frå Hydro. I tillegg vil UiB og CMR finansiere eigne aktivitetar.
Eitt av prosjekta som har fått støtte, er eit samarbeid mellom Institutt for fysikk og teknologi, Christian Michelsen Research (CMR)og Norsk Hydro. Prosjektet skal utvikle betre teknologi for nedihulls fleirfasemålingar og prosessering.
– Mykje av den aktiviteten som tidlegare skjedde på plattformene, er no flytta ned på havbotnen, og det blir fleire og fleire ting å måle, seier professor Geir Anton Johansen ved Institutt for fysikk og teknologi.
– Ved vårt institutt har vi lenge samarbeidd med CMR om denne typen teknologi, og vi ser på dette prosjektet som eit høve til å styrke dette samarbeidet. CMR driv oppdragsforsking medan UiB har eit akademisk utgangspunkt, og slår vi saman kreftene og vår til dels komplementære teknologi, trur eg vi får ein god kombinasjon.
Vil bli SFI
Instituttet har eit miljø som står sterkt på fleirfasesystem, og låg langt framme i konkurransen om SFF-status utan å nå heilt opp. No vil ein prøve å posisjonere seg mot å bli Senter for forskingsdrive innovasjon (SFI), eit nytt initiativ frå Forskingsrådet med søknadsfrist i desember..
– Vi har byrja å arbeide med dette. Teknologien er nyttig på fleire område enn berre oljeutvinning, sjølv om det er det mest opplagte bruksområdet, seier Johansen.
I tillegg har Petromaks-programmet løyvd pengar til to prosjekt ved CIPR, eitt prosjekt ved Institutt for geovitskap og eitt ved Kjemisk institutt.