Tommy Aarethun (25) er ny rådgivar for rektoratet det neste halve året. Han håpar å samstundes kunne ta det siste faget han manglar i si andre bachelorgrad.

Aarethun ny rådgivar for rektor

Publisert

Tommy Aarethun er tilsett som rådgivar for rektoratet i seks månader. Fagforeiningsleiar Jørgen Melve er kritisk til at stillinga heller ikkje denne gongen er lyst ut.

– Tommy Aarethun er ein hyggeleg og kompetent mann, og det er godt mogleg at han hadde fått jobben uansett. Men eg synest det er pussig at ein vel å gå utanom dei vanlege prosedyrane som er at ein skal lysa ut ledige stillingar.

Det seier Jørgen Melve. Han leiar NTL ved UiB.

– Det er tre månader sidan Maria Dyrhol Sandvik varsla at ho hadde fått ny jobb i Oslo. Vanlegvis klarar ein å tilsetja nokon på den tida, legg Melve til.

Veit ikkje om stillingen vert fast
– Kvifor lyste de ikkje ut stillinga, rektor Dag Rune Olsen?

– Eit engasjement er ein fin måte å få eit raskt grep på om ein både passar til denne typen jobb og om vedkomande er komfortabel i rolla. Dette er ei stilling der ein jobbar tett saman, så personkjemien må stemma. Samstundes prøver me å avgrensa utgiftene til sentralt hald ved UiB, seier Olsen.

Det betyr at det ikkje er sikkert at stillinga vert fast.

– Kunnskapsdepartementet sitt budsjett var historisk høgt i 2016, så det skal noko til å sjå føre seg ein tilsvarande vekst for neste år. Det betyr at me må tenkja oss om før me eventuelt gjer dette til ein fast stilling. Men det er ei viktig stilling – det er viktig at UiB er synleg blant dei som fattar avgjerdsler og der avgjerdslene vert tekne, seier Olsen.

– Kvifor valte de Aarethun?

– Som rådgivar er det viktig å kunne skriva godt. Det er òg viktig å ha nokre som kjenner sektoren. I tillegg er det praktisk for oss som er litt eldre å ha med oss nokre med eit litt yngre perspektiv, seier Olsen.

– Som politisk rådgivar
Steinar Vagstad, hovudtillitsvalt for Forskarforbundet ved UiB, meiner det er greitt å ikkje lysa ut ei stilling av denne typen.

– Eg har ikkje store problem med dette. Dette er ei spesiell stilling, som kan samanliknast med å vera politisk rådgivar, seier han.

Melve er ikkje samd.

– Det er heilt uproblematisk å legga føringar når ein tilset i ei slik stilling. Men eg meiner at stillingar skal lysast ut, òg sett i lys av at ein ved UiB prøver å få bukt med bruken av mellombelse stillingar, seier han.

Talar, lesarinnlegg, kronikkar
– Eg fekk eit tilbod om å jobba for rektoratet, det var eit spennande tilbod og noko eg hadde lyst til, difor takka eg ja, seier Aarethun sjølv.

Han er tilsett i eit engasjement på seks månader. Tilsetjinga skjedde etter at Maria Dyrhol Sandvik fekk ny stilling i Klassekampen. Ho hadde siste arbeidsdag på UiB fredag. Aarethun starta i jobben etter nyttår, så dei to rådgivarane har hatt overlapp nokre veker.

Aarethun har vore leiar for studentparlamentet ved UiB, og òg politisk engasjert. Han har ei bachelorgrad i samanliknande politikk, og snart ei i administrasjons- og organisasjonsvitskap.

– Jobben vert i hovudsak tekstproduksjon; talar, lesarinnlegg og kronikkar.I tillegg får eg hovudansvaret for rektoratet si Faceboo-side, seier Aarethun.

Han er tilsett som rådgivar for rektoratet, men seier han kjem til å jobba tettast med rektor Dag Rune Olsen.

– Men eg kjem òg til å hjelpa dei andre i rektoratet ved behov, seier Aarethun.

 

Powered by Labrador CMS