Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
For Jørn Jacobsen er det sjølvsagt at strafferetten og dei store spørsmåla går hand i hand.
– Allereie som barn har ein eit forhold til kva som er sett på som rett og kva ein gjer med vilje, seier Jørn Jacobsen (35). Han er postdoktor ved juridisk fakultet, men har ein professortittel dinglande som gulrot ikkje så langt i det fjerne. Prosjektet «strafferettslig teori – en ny norsk tilnærming» har fått midlar frå Bergen forskningsstiftelse. Jacobsen leiar prosjektet, der målet er å utvikla eit teoretisk fundament for norsk strafferettsvitskap. Dette skal gjerast ved å supplera med ein analyse av kjernekonsept- og prinsipp som ikkje har fått tilstrekkeleg merksemd innanfor eit tradisjonelt sett pragmatisk orientert fagfelt, heiter det i skildringa av prosjektet. Jacobsen meiner at ein del store spørsmål må ligga i botn i strafferetten. – Det handlar til sist om kva det er å vera menneske. Noko av grunnen til at rettssaka etter 22.juli vekkjer så sterkt engasjement er at det som har skjedd ikkje samsvarar med folk flest si oppfatting av rettferd, seier Jacobsen. Plukka ut av Morgenbladet – Det er ei stor ære og ei oppmuntring å verta plukka ut til eit så selebert selskap. Men samstundes gjer ein seg sjølvsagt nokre tankar om det er fortent eller ikkje. Det at eg er med, skuggar over andre som like gjerne kunne vore framheva, seier Jacobsen. Han har tidlegare fått både Meltzerprisen, Nils Klim-prisen og Fridtjof Nansens belønning for unge forskarar, og doktorgradsarbeidet har fått mykje merksemd. – Eg hadde ingen tydeleg ide om kor eg skulle då eg byrja studiet. Nokre av professorane oppmoda meg til å prøva meg på forsking. På eit profesjonsstudium er det ei utfordring å dyrka fram forskarane. Forskartalenta er ikkje alltid synlege, meiner Jacobsen. Strafferetten høyrer heime i siste del av jusstudiet. Då fann Jacobsen sin plass. – Strafferetten er fundamentert i det førrettslege. Ein kan ikkje forklara strafferetten utan å bruka omgrep som skuld, ansvar, hensikt. Dette er varige verdiar i det mellommenneskelege – allereie Aristoteles filosoferte til dømes om skilnaden mellom det frivillige og det ufrivillige. Forskar og far – Noko av grunnen til det er at ein skal avgrensa staten si makt. Tidlegare såg ein meir på mellom anna kor mogne lovbrytarane var. Systemet for straff må vera forenkla og kategorisert, det kan ikkje vera slik at det betyr noko for straffa om dommaren likar ein eller ikkje, seier Jacobsen. Morgenbladet peikar i sin artikkel om Jacobsen på at han på mange måtar går til angrep på tenkinga til strafferett-autoriteten Johs. Andenæs. – Me som er unge forskarar no, har det arbeidet generasjonen før oss gjorde. Det gjer at me har ei høgare plattform å byrja på, og at me kan få inn fleire perspektiv. Ein skal hugsa på at norsk forsking er ganske ung, seier 35-åringen. Sjølv kombinerer han forskarlivet med to små barn. Han meiner fleksibiliteten ein forskar har er eit stort gode og gjer at det er fint å kombinera med familieliv. – Samstundes er det jo slik at ein konkurrerer med dei som ikkje har barn og som kan jobba 14 timar i døgeret. Men eg tenkjer at eg har ansvar for å bruka tida mi på ein fruktbar måte, og ser at eg kan vera meir effektiv i løpet av åtte timar no, enn eg var før då eg hadde arbeidsdagar på 12 timar, seier Jacobsen. – Ulempa med å vera forskar er sjølvsagt at ein kan jobba heile tida. Men ein kan tenkja gode tankar når ein ser barne-tv eller luftar hunden, smiler han.
For Jacobsen var det ikkje sjølvsagt at han skulle verta forskar då han byrja jusstudiet. No er han plukka ut som ein av dei ti fremste norske forskarane under 40 år. Det er Morgenbladet som står bak kåringa, og denne veka skal alle ti samlast i Oslo.
Men sjølv om forskaren meiner at strafferetten ikkje berre kan verta overlaten til juristar, er han likevel tydeleg på at ein treng eit teknisk system med reglar som fungerer i eit institusjonelt samliv.