Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Klimaendringar kan ha hatt innverknad på utviklinga av det menneskelege intellektet, ifølge arkeolog Christopher Henshilwood.
For 40 000 år sidan kom dei første menneska til det europeiske kontinentet. Tidlegare har forskarar meint at det var først då homo sapiens utvikla seg til moderne menneske, men UiB-arkeolog Christopher Henshilwood si forsking viser at det var høgt utvikla menneske i det sørlege Afrika allereie for 78 000 år sidan. I utgravingane frå sørlige Afrika har han avdekka mellom anna velutvikla verktøy og steinar med tilsynelatande symbolske inskripsjonar. Sporlaust forsvunne – Mysteriet ligg i kva det er som gjer at desse gruppene forsvann, og kvifor kunnskapen dei hadde ser ut til å ha forsvunne og så dukka opp igjen, seier Hensilwood. – Det verkar som at folk har komme og busett seg på desse nye områda, at dei har vore der i nokre tusen år, og så har dei forsvunne att. Dette same mønsteret har gjenteke seg nokre gonger, men ein veit enno ikkje kva det var som gjorde at folkegruppene forsvann, eller kvifor dei dukka opp igjen på andre stader, fortel Henshilwood. Vil rekonstruere klimahistoria Henshilwood og teamet hans arbeidar med å rekonstruere korleis klimaet var frå 150 000 år til 20 000 år sidan og sjå kva variasjonar det har vore, og kva innverknad det har hatt for den menneskelege utviklinga. Eit hovudmoment kan ha vore variasjonar i vass-standen. – Vi veit ikkje sikkert kor høgt vatnet sto til ulike tider, men vi veit at når kystområda blir avdekt blir dei gode tilhøve for eit rikt dyre- og planteliv, som såleis gir gode ressursar for menneska, fortel Henshilwood. – Enno forstår vi ikkje klimaendringane sine verkander på menneska. Det kan ha spelt ei stor rolle, men det gir ikkje heile svaret på korleis det moderne mennesket utvikla seg, seier Henshilwood.
Men spor etter ein slik velutvikla teknologi forsvinn plutselig frå sedimenta som er rundt 71 000 år gamle. Det tar 7 000 år før kulturen dukkar opp igjen, og då er verktøya noko annleis.
Artikkelen held fram under biletet.
Kloden gjekk inn i ein kuldeperiode for 70 000 år sidan. Dette kan ha påverka utviklinga av det menneskelege intellekt. (Ill.foto: Colourbox)
Om lag på same tid som kulturen i det sørlege Afrika forsvann gjekk kloden inn i ein kuldeperiode, som førte til at vass-standen sank, og nye område opna seg.