Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
- Menneskerettar er eit tema som interesserer mange, men få har kunnskap på området. No tilbyr me gratis kurs i temaet for alle som ynskjer det, seier Torill Sæterøy i ei pressemedling frå Amnesty UiB. Kvar vekedag i faglunsjtid kl 12-14 i Speglsalen på Kvarteret vil eit nytt menneskerettstema stå på plakaten. Mandag 27. mars startar det heile med eit generelt innføringskurs i menneskerettar ved Ragna Aarli; jurist og stipendiat ved UiB. Ho har menneskerettar som spesialfelt.
- Menneskerettar er eit tema som interesserer mange, men få har kunnskap på området. No tilbyr me gratis kurs i temaet for alle som ynskjer det, seier Torill Sæterøy i ei pressemedling frå Amnesty UiB. Kvar vekedag i faglunsjtid kl 12-14 i Speglsalen på Kvarteret vil eit nytt menneskerettstema stå på plakaten. Mandag 27. mars startar det heile med eit generelt innføringskurs i menneskerettar ved Ragna Aarli; jurist og stipendiat ved UiB. Ho har menneskerettar som spesialfelt. Tirsdag 28. mars vert det kurs i ”Born sine rettar” ved Lucy Smith; jurist ved UiO, FN sin bornekomité. Born er ei særskild utsett gruppe, med eige menneskerettsvern. Lucy Smith er jurist ved UiO, sit i FN sin bornekomité og er ei foregangskvinne for born sine rettar i Noreg. Onsdag 29. mars har me kurs i ”Vernet mot tortur” med Jørgen Aall, dr. juris og professor ved UiB. Kva som kan kallast tortur, og om forbudet er absolutt, har dessverre verte eit særs aktuellt tema etter at USA starta sin “krig mot terror”. Jørgen Aall var den første til å ta doktograd i menneskerettar i Noreg, han har dessutan skreve lærebok om menneskerettsjuss og underviser i faget menneskerettar ved juridisk fakultet ved UiB. Torsdag 30. mars har me kurset ”Terrorlovgivning vs. Menneskerettar” ved Ingvild Bruce; jurist ved UiB. I kampen mot terror har det sakte, men sikkert vorte meir legitimt å bryte menneskerettane. Men korleis kan me forsvare våre menneskerettar ved å bryte andre sine? Foredraget sett søkelys på det såkalla misforhaldet mellom å motarbeide terror og å kjempe for menneskerettane. Fredag 31. mars har me kurset ”Økonomiske, sosiale og kulturelle menneskerettar (ØSK)” ved Gunnar Martin Karlsen, assisterande generalsekretær i Den norske Helsingforskomité. Dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane har lenge vore det juridiske stebornet til dei sivile og politiske, men Amnesty UiB vil gjerne heve fokuset på desse rettane. Retten til blant anna naudsynt levestandard, arbeid og utdanning er like viktige rettar som retten til liv og fridom frå tortur. Foredraget fredagen vert derfor halde av ein ekspert på området