Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Forskerforbundet vil ha trakasseringssaker rapportert inn til UiB sentralt. Likestillingsrådgivar Anne Marit Skarsbø er samd.
– Det er vel og bra at ein har planar og retningslinjer for førebygging. Men eg plar samanlikna dette med brannvesenet: Dei er gode på førebygging, men dei rykkjer òg ut når alarmen går. Det gjer ikkje UiB, seier Steinar Vagstad.
Han er hovudtillitsvalt i Forskerforbundet ved UiB, og snakkar om korleis organisasjonen handterer saker om trakassering, både seksuell trakassering og annan trakassering. Vagstad meiner at slike saker bør løftast inn til UiB sentralt, ikkje berre handterast på lågast mogleg nivå i organisasjonen.
Vagstad seier at det er fleire problem som kan oppstå dersom alle trakasseringssaker berre skal handterast lokalt i den enkelte eininga: For det første vil dei aller fleste ikkje ha røynsle med slike saker. For det andre er det umogleg å vita kor stort omfanget av denne typen saker er.
– Truleg er det mange trakasseringssaker det ikkje vert varsla om i det heile. Dersom det i tillegg er slik at ein del saker vert stoppa til dømes på instituttleiarnivå, er det òg ei kjelde til mørketal. Det er godt mogleg at ein del saker kan løysast lokalt, men eg meiner alt må rapporterast inn slik at ein veit noko om omfanget, seier Vagstad.
– Kan terskelen for å seia frå verta høgare dersom ein veit at dette vil verta rapportert vidare?
– Kanskje. Men samstundes kan det òg vera ein høg terskel for å varsla dersom ein mistenkjer at saka vil stoppa hos næraste leiar, seier Vagstad.
Anne Marit Skarsbø er likestillingsrådgivar ved UiB, og har arbeidsstaden sin ved HR-avdelinga. Ho har tidlegare sagt til På Høyden at ho i fleire år etterlyste ei kartlegging av seksuell trakassering. Skarsbø er langt på veg samd med Vagstad i at saker om trakassering bør rapporterast inn til sentrale einingar ved UiB.
– Det er kanskje ikkje så lurt at slike saker først og fremst skal handsamast på lågast mogleg nivå. For det første kan ein risikera at sakene stoppar der. For det andre kan det vera ein terskel for mange å gå til næraste leiar og klaga på ein kollega. Det kan verta for personleg og nært, seier Skarsbø.
Ho peikar òg på at dei einskilde einingane ikkje har så mange trakasseringssaker. Det gjer at ein ikkje nødvendigvis har kompetansen som trengs når ei slik sak dukkar opp.
– Hos HR-avdelinga finst spesialistar som veit korleis ein bør handsama slike saker, men det er ikkje sikkert me får vita om sakene. Eg meiner leiarane rundt omkring i organisasjonen bør ha ansvar for å rapportera trakasseringssaker vidare med ein gong, seier Skarsbø.
Ho er òg sekretær for likestillingskomiteen ved UiB. Komiteen diskuterte handtering av saker om seksuell trakassering på førre møte. Leiar Hege Høivik Bye seier at komiteen framleis meiner at det bør gjerast ei kartlegging av saker om seksuell trakassering.
– Korleis er omfanget? Vert sakene løyst lokalt? Kva røynsler gjer ein seg i slike saker? Og kva er det eventuelt som skjer seg i førstelinja? Me er positive til at ein får på plass nokre mekanismar som gjer at ein får oversikt over denne typen saker, seier Høivik Bye.
Ho seier at alt tyder på at det finst mørketal når det gjeld saker om seksuell trakassering. Difor meiner ho at ein kan gå ut i frå at dei som først varslar om denne typen forhold har tenkt seg nøye om.
– Eg meiner at det er viktig å ha ei oversikt over slike saker. Men samstundes må ein tenkja over både korleis ein målar talet på slike saker, og på kva informasjon som skal lagrast, seier Høivik Bye.
Ho kjem med eit døme: Kva skjer dersom ein tilsett rapporterer at ein annan tilsett, til dømes ein rettleiar, kjem med ubehagelege kommentarar. Næraste leiar tek tak i saka og grip inn, og rettleiarforholdet tek slutt.
– Då er saka løyst. Skal det då rapporterast inn? Samstundes kan ein seia at forholdet har vorte sett på som så alvorleg at det må gjerast tiltak, så slik sett bør det kanskje rapporterast vidare, meiner komiteleiaren.
Ho er samd med både likestillingsrådgivar Skarsbø og fagforeiningsleiar Vagstad i at det er sentralt ved UiB at kompetansen på handtering av trakasseringssaker først og fremst ligg.
– Eg meiner det er fornuftig at ein leiar som kanskje aldri har fått ei slik sak på sitt bord før tek ein telefon til HR-avdelinga og ber om råd. Det kan auka sannsynet for at saka vert handtert rett, seier Høivik Bye.
Tone Bergan er psykologspesialist og seniorrådgivar hos HR-avdelinga. Saman med HR-direktør Sonja Dyrkorn arrangerer ho for tida frukostmøte med leiarar på alle nivå for å diskutera korleis ein kan førebyggja og handtera saker om trakassering. Det første møtet var med toppleiinga før jul, no er det seksjonsleiarane som står for tur.
– Handtering av trakassering er linjeansvar og bør løysast på lågast mogleg kompetente nivå. Slike saker bør handterast med ein viss avstand, så som leiar må ein vera viss på at ein sjølv ikkje er ein del av problematikken, seier Bergan.
Ho seier at HR-avdelinga kan bidra med sin kompetanse, men skal i utgangspunktet ikkje overta saker. Unntaket er saker mellom student på den eine sida og tilsette på den andre.
– Kva skjer dersom ein opplever at det ikkje skjer noko etter at ein har varsla næraste leiar?
– Slike saker skal handterast raskt. Dersom det har gått lang tid utan at noko har skjedd, kan ein ta kontakt med vernetenesta. Ein kan òg kontakta HR-avdelinga, seier Bergan.
Ho meiner ein er inne i eit paradigmeskifte når det gjeld trakasseringssaker og håpar at terskelen for å reagera har vorte lågare.
– Men me er òg opptekne av kontradiksjon. Den det vert meldt frå om skal ha rett til å vita kva det vert varsla om. Ein vil ikkje ha krav på å vita kven som har varsla, men skal verta gjort kjent med innhaldet, seier Bergan.