Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ei bok Leiv K. Sydnes fann på Evjemoen under militærtenesta skulle bli avgjerande for karrierevalet hans.
Fortel om ein person, eit verk eller ei hending som har vore avgjerande for det akademiske karrierevalet ditt. Når eg tenkjer meg om, har to hendingar vore ekstra viktige for mi akademiske karriere. Båe skjedde før eg hadde klåre tankar om å satsa akademisk, men utan desse knekkpunkta i utviklinga, hadde alt blitt annleis. Den første hendinga opplevde eg før eg hadde kome skikkeleg i gong med studiet ved UiO. Planen var å ta hovudfag i nordisk litteratur og elles lesa matematikk og historie. Eg starta med matematikk, men då eg hadde lese i eitt semester, fann eg ut at eg ville gjera unna militærtenesta. Og då, medan eg var på Evjemoen, kom eg av alle ting over ei bok i generell kjemi som eg tok til å lesa i. Til mi store overrasking fekk eg svar på alle mine ”Kvifor det?” og ”Korleis då?” som eg hadde pepra kjemilæraren med i 1. gym. Med eitt vart kjemi eit logisk fag som var greit å forstå. Dette gjorde studiestart etter endt militærteneste noko vanskeleg. Brått hadde eg fått interesse for kjemi, men kva skulle kuttast? Etter noko tenkjing blei nordisk litteratur vraka med den grunngjevinga at det er lettare og sikrare å ha litteratur som hobby enn kjemi. Det andre knekkpunktet i utviklinga opplevde eg i samband med starten på hovudfagsstudiet. Bakgrunnen var at eg hadde studert raskare enn normen slik at det berre stod att to vekttal å ta i det siste semesteret for å bli cand. mag. Eg melde meg difor på tre kurs i analytisk kjemi som eg hadde bestemt meg å ta hovudfag i og også funne rettleiar i. Knekken kom då eg skulle melda meg opp til eksamen, for då fekk eg beskjed om at eg ikkje kunne ta eksamen i analysekursa sidan eg ikkje var cand. mag. For eit tilbakeslag! Dette blei det sirkus av, men enden på visa blei at eg sa farvel til analytisk kjemi og rettleiaren eg hadde fått. Rykte om hendinga spreidde seg, og etter ei tid kom ein av lærarane og rådde meg til å snakka med ein fersk professor, Lars Skattebøl, om hovudfag i organisk kjemi i staden. Det gjorde eg, og etter ein kjekk samtale og lesing av nokre publikasjonar, enda eg opp som student hos han. Det blei starten på eit godt samarbeid som enno held seg. Eit viktig biprodukt av skifte av rettleiar, er mitt engasjement i faglege organisasjonar i inn- og utland. Då eg tok til på hovudfaget, drog rettleiaren meg inn i Norsk Kjemisk Selskap. Dette førte etter kvart til mange andre verv og arbeidsoppgåver, og dette er grunnen til dette stykket er skrive om bord på fly på veg til New Orleans der eg har blitt invitert for å halda innlegg om kjemiske og etiske utfordringar knytt til kjemiske våpen.