Middelhavsplantar får det betre i kaldhus

Publisert

Kaldhuset, som er ein del av Veksthuset i Muséhagen til Bergen Museum, er no restaurert og gjort meir innbydande både for publikum og tilsette.

Det er komne nye plantebed, nye murar og golv, betre lys og nytt skap til dei kjøtetande plantane. Tørketolande plantar (sukkulentar) har også fått det betre med djupare jord til røtene sine. Fullføringa av dette opprustingsarbeidet vart markert ved ei samkome i Veksthuset nyleg.

Museet sin direktør Siri Jansen omtala Veksthuset som ein triveleg liten oase i ein litt større oase: Muséhagen, og takka ei rekkje medarbeidarar for flott arbeid med restaureringa siste halvåret.

Leiar for Muséhagen, førsteamanuensis Mary H. Losvik, fortalde at kaldhuset er ikkje kaldt i vanleg meining; men det er kaldare enn resten av Veksthuset, som har tropeklima.

Kaldhuset har tilnærma Middelhavs-klima, med plantar frå desse stroka, t.d. fiken og appelsinar, men også plantar frå Afrika og Amerika er representerte her.

Veksthuset er ope måndag-fredag kl. 10-12 og 13 -14.30.

Powered by Labrador CMS