Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Utdanningsutvalet har løyvd pengar til mellom anna mentorordning, rekrutteringsprosjekt og studentutveksling.
– Me såg at det var få som reiste på utveksling, og dei som reiste, reiste stort sett til same staden. No har me oppretta ei ordning med ein vitskapleg ansvarleg i kvar forskargruppe som skal velja ein Erasmus-institusjon som er relevant. Det seier Gunn Mangerud, instituttleiar ved Institutt for geovitenskap. Instituttet har fått lovnad om 100.000 kroner til prosjektet «Bedret studiekvalitet gjennom kobling studentutveksling og forskningssamarbeid». Studentar til Southampton Det er utdanningsutvalet som har løyvd pengar til program for evaluering og kvalitetsutvikling (PEK). Vel ein million kroner er delt ut i PEK-midlar. – Internasjonal røynsle er viktig i ein global arbeidsmarknad. I tillegg er det sunt for studentane å treffa andre faglege skular. Slik kan dei ha eit kritisk blikk på det dei lærer hos oss, seier Mangerud. Ho seier at instituttet vil bruka midlane til å kunne halda fram arbeidet studiekonsulentane gjer og samstundes ha pengar til at forskarane kan besøkja andre universitet. – Me er mellom anna gode på marin forsking. Det er universitetet i Southampton òg. Til våren reiser seks eller sju av våre studentar dit, seier Mangerud nøgd. Vil vita kva dei skal verta – Det handlar om at me vil følgja studentane tettare opp. Det er mange som slit med ein fråfallsproblematikk, seier instituttleiar Leif Ove Larsen. I søknaden om midlar skriv instituttet at det er eit problem at bachelorstudentane ikkje kjem i kontakt med fagmiljøa før andre semester. Difor er no ulike fagleg-sosiale tiltak i ferd med å verta testa ut, mellom anna eigne tilskipingar for desse studentgruppene. Samstundes opplever instituttet at studentane i større grad enn før er interesserte i kva dei skal verta i yrkeslivet. – Det er eit behov for meir kunnskap om skilnaden mellom generalist- og spesialistutdanningar, og det er eit auka behov for informasjon om yrkesmoglegheiter. Utdanningar som ikkje er direkte profesjonsorienterte må etter vårt syn i aukande grad tilføra studentane ein fagleg identitet og ha større innslag av yrkesrettleiing, skriv instituttet i søknaden. Instituttet vil bruka pengane dei har fått mellom anna til å skaffa seg kunnskap om korleis studentane opplever studieløp, kontakt med administrasjon og vitskapleg stab. Dette skal ein få ved å intervjua dei som er ferdige med bachelorgraden. I tillegg ønskjer instituttet å gjennomføra ei prøveordning med personlege rettleiarar for utvalde studentgrupper. Ordninga vil i første omgang gjelda dei praktiske studieprogramma, der fråfallet tidvis har vore stort. – Me ser jo at det er ei gruppe som ikkje finn seg heilt til rette som studentar. Kanskje er universitetet ikkje heilt som dei hadde trudd, seier Larsen. Søkte om tre millionar Dei andre som fekk midlar er Institutt for fysikk og teknologi, som fekk 200 000 til å utvikla ein SFU-søknad (Senter for fremragende utdanning) og Institutt for pedagogikk som fekk 150 000 til DigUiB og digital kompetanseheving blant UiB-tilsette, og òg 110 000 til eit tverrfakultært prosjekt om å styrka praksis i lektorutdanninga. Vidare fekk institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap 100 000 kroner til rekrutteringstiltak, Institutt for framandspråk fekk 150 000 til prosjektet «Velg språk!» og gruppa for tverrprofesjonell samarbeidslæring i primærhelsetenesta fekk 200 000 kroner til ein søknad om Senter for fremragende undervisning. Instituttleiar Gunn Mangerud vil at fleire av studentane ved Institutt for geovitenskap reiser på utveksling. No får dei PEK-midlar som gjer at fleire kan få sjansen. Foto: Hilde Kristin Strand
Institutt for informasjons- og medievitenskap har fått 150 000 kroner til ei forsøksordning med mentorordning på bachelornivå. Mentorordning er noko studentparlamentet har sagt at dei ønskjer seg.
Til saman fekk utdanningsutvalet 18 søknader om PEK-midlar. Søknadssummen var over tre millionar kroner.