Hunden Mie får studentane til å bli mindre stressa før eksamen.

Mies jobb er å fjerna eksamensangsten

Eksamensperioden er her. Då kjem hunden Mie for å hjelpa til.

Publisert Sist oppdatert

I andre etasje på Studentsenteret ventar ho. Hunden som skal gjera kvardagen fram til eksamen litt lettare for studentane. Når døra opnar seg kjem det masse sukk og ros over kor søt ho ser ut.

- Ho kjem til å helsa på kvar og ein av dykk. Ein om gongen, seier matmor Karen Valeur Flaten til dei fem studentane som no har fått 20 minuttar til å klappa, kosa og leika med hunden.

Dette er jobben til Mie. Valeur Flaten seier sjølv at det ikkje er ho som har med hunden på jobb, men ho som er med Mie på jobb. Mie er ein terapihund som skal hjelpa til med å beroliga folk. Som å fjerna stresset før eksamen nærmar seg. To gonger i året brukar ho nokre dagar på Studentsenteret og NHH for å hjelpa studentane. Men det er ikkje berre fordi det er kjekt å klappa ein hund at studentane kjem.

— Menneske produserer eit hormon som heite oxytocin i hjernen når dei er i nærleik av ein hund. Dette gjer at du slappar meir av. Det kan vara i nokre timar eller opptil to døgn, forklarer matmor til studentene som no er i full gang med å klappa Mia som har lagt seg ned på eit teppe.

— Eg håpar dette held til eksamen på fredag, då, seier Ingrid Helgeland (22).

Ekstremt populært

Det er Studentparlamentet ved UiB som starta tiltaket med terapihund. Dette er fjerde semesteret med Mie.

— Me hadde nok aldri starta dette om me ikkje hadde forsking og bevis på at dette faktisk er noko som fungerer, seier Andreas Trohjell, leiar for Studentparlamentet.

Sofie Hough og dei andre studentane får 20 minuttar saman med hunden.

Då dei la ut melding på Facebook om at hunden kom måndag og torsdag var påmeldingslista full allereie etter nokre timar.

—Sidan me var så seine i år så har me fått mykje meldingar på både Facebook og e-post om kvar og når terapihunden kjem, flirer Trohjell, og legg til:

— Det er to ting som alle studentar er klare over i eksamensperioden: Sammen har halv pris på middag og Studentparlamentet kjem med terapihunden.

Trur på effekt

Tilbake i rommet med hunden har klokka no begynt å nærma seg 20 minuttar. Ei ny gruppe står allereie klar for klappa vekk litt stress. Dei fem studentane som først var innom har no blitt til seks. Alle har ein fryktinngytande eksamen i tysk grammatikk på fredag,

—Det var beroligande, eg trur ikkje det er eit meir beskrivande ord enn det, oppsummerer Sofie Hough (2).

Rusen frå hunden kan altså vara i opptil to døgn. Det held akkurat til ho og dei andre set seg ned for å gjennomføra eksamen.

Sofie Hough, Ingrid Hegeland, Sofie Myrjord, Lars Erik Helø og Vebjørn B. Rusten skal alle ha eksamen i tysk.

—Det er mykje stress med dette faget, og eg merkar det fortsatt, men eg trur dette i hvert fall kan få få roa stresset med 25 prosent, seier ho med et smil.

Ingrid Helgeland har sjølv ein hund heime, men det var noko anna å treffa ein hund som er utdanna til å ligga stille og bli klappa.

— Eg er kanskje litt for van med hunden heime til at eg merkar at den roar meg så mykje. No kjenner eg meg i alle fall meir avslappa enn når eg kosar med min hund, forklarer ho.

Skulle dei merke ein effekt er gjengen samstemte i kva planen er ved neste semester når hunden er tilbake.

— Då kjem me att!

Powered by Labrador CMS