Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Heretter vil alle trykksaker frå Universitetet i Bergen bli utgjeve med miljømerket Svanemerket. Universitetet markerer seg dermed med eit klart standpunkt i høve til miljøspørsmål.
Heretter vil alle trykksaker frå Universitetet i Bergen bli utgjeve med miljømerket Svanemerket. Universitetet markerer seg dermed med eit klart standpunkt i høve til miljøspørsmål. Den nye miljømerkinga er eit resultat av Universitetet i Bergen si rammeavtale på trykkeritenester med Bodoni AS. I tråd med denne avtalen vert alt av brosjyremateriell for UiB produsert ved Bodoni AS, og det har heile tida vore eit sterkt fokus på miljøprofil. Etter strenge krav frå UiB om miljøvenlege produkt, har Bodoni AS følgt opp med å gjennomføre miljøsertifisering og vorte ei Svanemerka bedrift. Dette betyr at både papiret som vert nytta og sjølve trykkeriprosessen har fått ein miljøvenleg profil. Trykkinga av svanemerka brosjyremateriell som skal brukast i rekrutteringsarbeidet mot studentar er allereie i gong.